Hopp til innhold

Snø til hinder for flya

Tette snøbyger har ført til innstilte avgangar frå Molde lufthavn Årø søndag.

Fly i snø

Illustrasjonsfoto: Tette snøbyger kan skape utfordringar når flya skal lette og lande.

Foto: Morten Holm / NTB scanpix

Mykje snø søndag ettermiddag og kvelds har gjort at det tidvis har vore vanskeleg for flya å lande på Molde lufthavn Årø.

– Med så dårleg sikt kan det vere vanskeleg å lande, seier lufthamnsjef John Offenberg.

– Lokale vêrforhold

Det har snøa tett i store delar av Møre og Romsdal søndag, til stor glede for mange, men for mange flypassasjerer har det skapt problem.

John Offenberg

John Offenberg er lufthamnsjef ved Molde lufthavn Årø.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Ved Kristiansund lufthavn, Ålesund lufthavn og Ørsta-Volda lufthamn har det ikkje vore innstilte avgangar, men derimot i Molde har to fly vore innstilte og andre har vore forsinka.

– Det er dei lokale vêrforholda som gjer det. Her i Molde har det vore veldig mykje snø i dag, seier Offenberg.

– Lite vi kan gjere med vêret

Han synest det er baklageleg at det ikkje gjekk som planlagt for mange flypassasjerar søndag, men seier det er lite han kan gjere med det.

– Vêret er det frykteleg lite å gjere med, men det er klart det er svært beklageleg for dei som er ramma. Normalt vil flyselskapa ordne opp i det ved at passasjerane blir med på ein seinare avgang.

Lufthamnsjef John Offenberg påpeikar at det ikkje er ofte fly ikkje kan lette eller lande i Molde.

Flyavganger Molde

To flyavgangar frå Molde mot Oslo vart innstilte på grunn av snøvêret.

Foto: Skjermdump fra Avinor