Snø på fjellovergangar i Sør-Noreg

Webkamera til Statens vegvesen viser at snøen har lagt seg på E134 Haukelifjell. Også på E16 Filefjell, Rv7 Hardangervidda, Rv 52 Hemsedalsfjellet og E6 over Dovrefjell er det no snødekke. Vêrmeldinga lyder på 15 centimeter snø og vind, og bilistar utan vinterdekk kjem ikkje med i eventuell kolonnekøyring, åtvarar Vegvesenet.

E134 Midtlæger over Haukelifjell kl. 03.30 19. oktober 2021
Foto: Statens Vegvesen