NRK Meny
Normal

Snipp snapp snute

AZ dominerer

AZ dominerer fullstendig

Foto: Arne Flatin / NRK

Dermed var Europacupeventyret ute for AaFK for denne gong. Åtte kampar i sommar har gitt klubben mykje glede, sjølv om det vart ein kraftig lærepenge i den siste kampen. AZ var rett og slett mange hakk betre enn AaFK og vann til slutt 6-0 og 7-2 samanlagt.

88.min: Straffe til AZ. Niklas Moisander lagar 6-0.

85.min: To gode forsøk frå Brett Holman, men to fine redningar av Grytebust.

81.min: AZ er framleis farleg frampå, men har ikkje det samme trykket lenger. Det er då heller ikkje nødvendig. Med 5-0 og 6-2 samanlagt kan laget førebu seg på det lukrative gruppespelet i Europaligaen.

76.min: No må berre AaFK sørge for at det ikkje vert endå styggare siffer. Klubben har gjort ein strålande innsats i sju av åtte kampar i Europa i sommar. Det er sjølvsagt synd at det skal ende slik, men AZ er eit godt lag. Ingen tvil om det.

71.min: Gult kort til Jalasto... Både Tollås og Barrantes ut for AaFK. Skagestad og Orry Larsen inn. No må AaFK tenke på seriekampen mot Molde i helga og la enkelte få kvile...

68.min: Brett Holman lagar 5-0. Kjem åleine med keeper og kjippar ballen over han og i mål.... Utklassing de luxe...

61.min: Raudt kort til Demar Phillips etter røff takling. No raknar alt for dei oransje. Ein trist slutt på Europa-eventyret....

59.min: 4-0: Jozy Altidore. No får AaFK juling utpå her...

58.min: Gult kort til Jääger. Mykje frustrasjon i AaFK no...

56.min: Gult kort til Barrantes, AaFK.

54.min: Snipp snapp snute ? Klikk- klakk fotball før Maarten Martens set inn 3-0 for heimelaget....

53.min: Meir fart over AaFK offensivt no, utan at dei kjem til dei store sjansane.

46.min: Kjell Rune Sellin inn for Jo Matland. Eit offensivt trekk. I presseromet i pausen vart det diskutert om 2-0 målet til AZ var offside.

45.min: PAUSE og 2-0 til AZ. Fullt fortent. AaFK har knapt hatt sjansar eller spel inne på AZ sin halvdel i 1.omgang. Her må Bergersen og resten av trenarteamet ta grep !

35.min:Enorm sjanse for AZ, men avslutninga går til side for mål frå strålande posisjon. Med 3-0 vil nok truleg europacupeventyret vere over for AaFK. Bergersen har fire spissar på benken, og bør kanskje snart legge om til ein meir offensiv formasjon. I alle fall etter pause.

29.min: Sjølv med to baklengsmål har dei cirka 100 AaFK-supporterane sunge heile tida og halde oppe stemninga !

22.min: 2-0 til AZ Alkmaar, som kjem seg alt for lett gjennom forsvaret til AaFK og Jozy Altidore får stå i ro og fred og lage målet. Med ei scoring har AaFK likevel ekstraomgangar, så det er framleis mykje å kjempe for- sjølv om AZ har vore langt betre enn sunnmøringane dei første knappe 25 minutta av kampen.

18.min: Gult kort til Okoronkwo etter at han ikkje stoppa opp då dommaren bles for frispark til AZ.

17.min: Ny stor sjanse til Alkmaar, men avslutninga rett på Grytebust.

12.min: Alkmaar går knallhardt ut offensivt. Ikkje uventa, To kanonredningar frå Grytebust hindrar at det står 2-0.

6.min: Den verst tenkelege starten for AaFK. AZ får corner og Pontus Wernbloom headar inn 1-0. Dermed er Alkmar i førarsetet på bortemålet frå kampen i Ålesund. Det betyr at AaFK må score for å gå vidare.

0.min:Kampen er i gang

AaFK går ut defensivt med laget som er tatt ut til kampen mot AZ Alkmaar torsdag kveld. 5-4-1 er formasjonen. I den bakre femmaren står Grytebust i mål. Framfor seg har han Arnefjord med Jääger/Tollås til høgre og Jalasto og Matland til venstre.

AaFK varmar opp på AFAS Stadion

AaFK i oppvarming.

Foto: Arne Flatin / NRK

På midtbana er Carlsen og Ulvestad sentralt, med Barrantes til høgre og Phillips på venstre. Som einsleg spiss skal Okoronkwo prøve å skaffe sjansar til AaFK.

AaFK har 2-1 å gå på frå heimekampen, og manglar Jason Morrison som har karantene. Trenar Kjetil Rekdal er ikkje med til Nederland på grunn av gravferd i nær familie.

Jonatan Tollås Nation skal demme opp i kveld

Jonatan Tollås Nation er ein av dei som skal demme opp mot AZ i kveld.

Foto: Arne Flatin / NRK

På benken: Sandqvist, Skagestad, Sylling Olsen, Post, Orry Larsen, Myklebust og Sellin. Med andre ord er det stort sett angrepsspelarar på benken i kveld. Neppe tilfeldig...