NRK Meny
Normal

Snart vert FM-nettet sløkt

Onsdag føremiddag vart FM-nettet sløkt i Nordland. 8. februar står Møre og Romsdal og Trøndelag for tur.

Radio dab

Snart må alle bytte ut FM-radioen med digital radio.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Klokka 11.11 den 11.01 vart FM-sløkkinga eit faktum i Nordland og DAB-radioane tek over for FM-radioane over heile landet etter kvart. 8. februar vert nemleg FM-nettet sløkt i Møre og Romsdal og i Trøndelag og innan 13. desember 2017 skal sløkkinga vere gjennomført i alle fylka i landet.

Hektisk dag

Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen kallar dagen for historisk og seier at publikum no får eit mykje betre radiotilbod både frå NRK og frå kommersielle kanalar.

Men det krever ei viss omstilling for radiolyttarane og NRK Publikumservice har i dag teke imot over dobbelt så mange DAB-førespurnadar enn vanleg.

– Det har vore ein hektisk dag. Dette har no vore planlagt og diskutert i 15 år, men mange av oss tilpassar oss ikkje før endringa er eit faktum, så det er nok mange som spring og kjøper seg adapter i siste liten, seier kringkastingssjefen, som rår innbyggjarane i Møre og Romsdal og Trøndelag til å gjere den jobben.

Les også:

I morgen slukkes FM: – Verdens øyne følger Norge tett

– Dei har ein liten jobb å gjere

For det er berre ein liten månad igjen til det er vår tur. Åtte av ti har allereie DAB+-radio heime, men mange bilar har ikkje DAB-mottakar eller DAB-adapter.

– Eg skjønar at det er til litt bryderi for folk, men utgangspunktet vårt er no at vi ønskjer å bruke det beste radiotilbodet som mogleg.

I mange av fylka i landet er det delar som ikkje har hatt tilgang på alle kanalar. Det skal det verte ei ordning på no, lovar Eriksen.

– For første gong kan vi no levere det same radiotilbodet til heile landet.

Negative til DAB

Digitaliseringa av sendenettet gjer at fleire kanalar kjem til, både frå NRK og frå kommersielle aktørar.

Thor Gjermund Eriksen

Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen lovar eit endå betre radiotilbod etter digitaliseringa.

Foto: Anders Leines / NRK

– Vi har lansert fleire kanalar. Dei kommersielle har lansert fem nye kanalar i dag. Store delar av landet har hatt éin, to, tre eller fire kanalar. No vil heile landet få 30 kanalar, seier Thor Gjermund Eriksen.

Mange har vore negative til radioovergangen frå FM til DAB. Stortinget har behandla saka tre gongar, og heilt til det siste har det vore gjort forsøk på å stanse eller utsette overgangen. Både Frp, Senterpartiet og Miljøpartiet De grønne har fremja forslag om utsetting til dekninga blir betre, men vart nedstemt av stortingsfleirtalet like før jul.

– Vi vil sjølvsagt følgje utviklinga av radiolytting veldig nøye. Radio står ekstremt sterkt i Noreg. Nordmenn er glad i radio, og det er difor det vert slikt engasjement rundt dette også.

Les også: