Hopp til innhold

Ventar oppsving i salet av ståhjulingar

Frå 1. juli blir det lovleg å køyre sjølvbalanserande køyretøy i Noreg.

Ståhjuling

Når det blir lovleg med ståhjulingar frå 1. juli vil det verte påbode med frontlys, baklys og refleksar på køyretøyet.

Foto: Kurt Inge Dale / NRK

Øyvind Bjørkavåg

Øyvind Bjørkavåg trur ståhjuling-salet vil ta seg kraftig opp på seinsommaren.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Ståhjuling, best kjend under merket Segway, har fram til no vore lovleg i alle andre land enn Noreg. Men det vert det endring på. Frå første juli vert forbodet fjerna.

Ståhjulingar kan då brukast på same areal som er tillate for sykkel. Maksfarta skal vere 20 kilometer i timen, og aldersgrensa for bruk blir 16 år.

Mange bedrifter på vent

Øyvind Bjørkavåg, som er salsansvarleg i Ålesund Maskinservice, har dei to siste månadane selt rundt 20 ståhjulingar, og han ventar no oppsving i salet.

– Vi har mange bedrifter som ventar til det blir lovleg. Vi har til tider hatt problem med å ha nok maskiner. Det er selt fleire hundre på landsbasis allereie, seier han.

Som syklistar

Bård Hoksrud

Statssekretær i samferdselsdepartementet, Bård Hoksrud, seier ståhjulingar vil følgje same regelverk som syklar.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Ståhjulingane kan brukast på vegar med fartsgrense på opptil 60 km/t. Det vert likevel ikkje påbod om bruk av hjelm eller obligatorisk opplæring.

Statssekretær i samferdselsdepartementet, Bård Hoksrud, seier at det vart vurdert då innføring av ståhjulingar til Noreg vart drøfta.

– Vi vurderte opplæring, men fann ut att det går veldig greitt utan. Dei som brukar ståhjulingar skal i stor grad følgje dei same reglane som syklistar, forklarar Hoksrud.

Han kan ikkje fatte og begripe kvifor framkomstmiddelet ikkje har blitt tillate i Noreg før.

– Om det fungerer veldig bra i resten av verda og det går kjempebra, så er det litt rart om ein ikkje skulle tillate det akkurat i Noreg, kommenterer han.