Snart ny vêrstasjon i Sunndal

Vêrstasjonen som er ute av drift i Sunndal blir snart erstatta av ein ny. Det melder Aura Avis. Denne stasjonen har opp gjennom åra registrert fleire temperaturrekordar, men har vore ute av drift i det siste. No skal det setjast opp ny stasjon i løpet av året. Sunndal har to nasjonale temperaturrekordar, med varmaste februardag (23.02.90: 18,9 grader ) og varmaste desemberdag (01.12.98, 18,3grader).