Hopp til innhold

Snart kjem morellebæra!

Om vêrgudane gjer seg litt meir rause med temperaturane, kan årets sesong for morellebær ta til for fullt komande veke.

Kvinnei morellebærhage

Elida Brenna Linge har den største morellbærhagen i fylket, og har alt plukka nokre bøtter bær. Først i midten av komande veke, reknar ho med sesongen losnar for alvor.

Foto: Åsta Skjervøy

Dei første bøttene med morellebær er alt plukka i den store morellebærhagen på Linge i Norddal.

I gangane mellom trea i skråninga opp frå Fylkesveg 63, går eigar og drivar Elida Brenna Linge med kyndig mine og inspiserer bæra.

Moreller

Å plukke morellar er ein kunst som må gjerast akkurat til rett tidspunkt. Desse kjem frå hagen på Linge.

Foto: Sissel Beate Brunstad / NRK

– Bæra ser bra ut, ja. Kvaliteten er som normalt, og avlinga kjem vel opp i to-tre tonn også i år, slår Eline fast, og fyller ei bøtte med bær laurdag føremiddag.

Elida Brenna Linge er største produsenten av morellebær her i fylket. Elles blir det dyrka ein del morellar hos grannane på Linge, og på Skåla ved Molde.

Litt seint ute

Sesongen er litt forseinka fordi temperaturane har vore så låge siste vekene.

– Eg reknar med at først i midten av neste veke det kjem til å ta laust for alvor med mogninga. Men sjølvsagt krev det at temperaturen kjem meir på vår side, seier Elida.

Moreller på Linge

Morellesesongen er like om hjørnet, lovar dyrkarane på Linge.

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

Fire bærplukkarar frå Tsjekkia og Polen har venta tolmodig saman med Elida på at mognings skulle skyte fart. Og no ser det endeleg ut til at dei kan kome i skikkeleg arbeid i løpet av dei næraste fire- fem dagane.

Spesialduk på bæra

Bærdyrkaren på Linge har spent ein spesialduk over mesteparten av trea. Det har vore alfa og omega for årets sesong.

– Duken løftar seg når det bles, men skjermar og beskyttar samtidig mot regn og fuglar. det gjer at bæra blir veldig fin, og uskadd, seier Elida Brenna Linge.

Trea som står i friluft utan slik duk, har ikkje fått same dreisen på bæra, erfarer morellebærdyrkaren på Linge.

Signe Brenna

Signe Linge Brenna, mor til Elida, spenner fast spesialduken som beskyttar bæra i hagen.

Foto: Sissel Beate Brunstad / NRK

Valldal Grønt som tek seg av distribusjonen av både jordbær og morellar frå Norddalen, er klar til å ta imot morellebæra.

– Vi reknar med å få inn om lag fire tonn morellar denne sesongen, seier dagleg leiar Harald Valle.

Meteorologane spår at det kjem til å bli stigande temperaturar og finare vêr når det lir utover i komande veke. Dermed ligg det an til at også bringebæra mognar fram mot neste helg.

Deretter er det plommer, eple og pærer sin tur.

Det er mykje godt i vente på bær- og fruktfronten framover.