Hopp til innhold

Snart kan du vere nestemann med tang og tare på menyen

Trass i at tang og tare kan vere både sleipt og illeluktande er ekspertane sikre på at stadig fleire av oss snart oppdagar råvarene i fjøresteinane.

Hender som holder frem tørket søl, en type tare.

Om ikkje lenge kan også du ha smakt tang og tare for første gang. Forskarane spår ei mangedobling i omsetninga av norsk tare dei neste åra.

Foto: Caroline Drefvelin / NRK

Syns du det høyrest herleg ut med alge-krydder på nachos eller gulrotkake? Kva med marmelade laga av den grøne, slepe taren du har sett langs strendene?

Annelise Chapman

Annelise Chapman slutta nyleg som forskar og vil no leve av å dyrke tang og tare. Ho har søkt om to konsesjonar i Herøy.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

Annelise Chapman satsar no alt for å kunne leve av å selje tang og tare. Inntil for kort tid sidan var ho forskar. No blir ho kremmar.

Når han blir tørka, har han veldig sterk trøffellukt og -smak, fristar Chapman, i det ho ruskar i tangen og tara i fjøra utanfor Herøy.

Les også:

Trur på mangedobling

Tang og tare

Nordmenn har lite tradisjon for å ete tang og tare. Det kan endre seg fort.

Foto: Rikke Lunde Andersen / NRK

Chapman seier dei ser for seg ei førtidobling av omsetning av algar i havbruk i Noreg fram til 2015. Den veksten har ho tenkt å vere med på, og har no søkt to konsesjonar for taredyrking i Herøy. Tare-stiklingane skal ho etter planen hente frå Sollund i Sogn og Fjordane, der dei har dyrka tare i fleire år.

– Det er veldig gøy å vere med å utvikle ei næring, og vere med på ein ny æra, vil eg nesten kalle det for, seier ho.

Fiskeriministeren har trua

Det er knytt store forventningar til auka produksjon av tang og tare i Noreg. Råstoffet kan brukast til alt frå mat til menneske, dyrefôr, biodiesel og medisin.

– Tare kan bli stort i den nye norske havøkonomien, sa nærings- og fiskeriministeren Per Sandberg nyleg, då regjeringa mellom anna løyvde 8,7 millionar til Møre Maritime AS i Kristiansund. Dei vil utvikle fartøy og teknologi nettopp til taredyrking.

Les også:

Klare med idear

Portrett Gudrun Erla Gudjonsdottir

Gudrun Erla Gudjonsdottir, som går på restaurant- og matfag i Herøy, er spent på å teste ut marmelade av tare.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

Elevane ved restaurant- og matfag i Herøy har allereie starta ei elevbedrift der dei satsar på matvarer laga av og med tare. Dei har fleire produktidear klare.

– Tarepesto, vi kan ha det på pizza, på gulrotkaka og på nachos, seier Sevrine Moltustøl.

– Eg har tru på den tare-marmeladen vi skal prøve å lage, legg Gudrun Erla Gudjonsdottir til.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL