Hopp til innhold

Snart får du kjøpe garn og pinnar på toget

Å strikke har blitt den nye trenden og no kastar NSB seg på. Dei vil selje strikkepakkar som dei reisande kan sysselsette seg med på toget.

Strikketog

NSB arrangerte nyleg strikketog mellom Bergen og Oslo. No vil dei tilby garnpakkar til dei togreisande.

Foto: NSB

Torill Bakke strikkar på toget

Torill Bakke er lidenskapeleg opptatt av strikking. Ho jobbar i Rauma ullvarefabrikk som har inngått eit samarbeid med NSB.

Foto: privat

På toget frå Åndalsnes sit den rutinerte strikkaren, Torill Bakke. Ho er på veg til Gardermoen, og togturen brukar ho til å strikke ferdig ermane til ein genser. Bakke er marknadskoordinator i Rauma ullvarefabrikk. No har fabrikken inngått ein avtale med NSB om å levere garnpakkar som dei reisande kan kjøpe på toget. Saman med garnet vil det ligge strikkeoppskrifter som er designa spesielt for NSB.

– Strikking er meditasjon, seier Bakke.

Ho har alltid fleire strikketøy samstundes. Nokre prosjekt krev lite konsentrasjon og andre er så vanskelege at ho ikkje kan multitaske når ho strikkar.

LES OGSÅ:

Strikketog var suksess

Nyleg arrangerte NSB strikketog for aller første gong, mynta på dei som vil lære seg å strikke. Det var ein stor suksess og Mona Lorenzi, leiar for marknad og kommunikasjon i NSB, seier at dei ynskjer å ta strikkeideen vidare.

– Tanken er den reisande skal kunne bli ferdig i løpet av togturen. Det er sjølvsagt avhengig av kor fort du strikkar, seier Lorenzi.

Den aller første strikkepakken blir å få kjøpt på Bergensbanen om nokre månader. Etter kvart er planen å utvide til alle regiontog.

Unge får strikkedilla

Rauma ullvarefabrikk har merka ein stor oppgang i salet av garn dei siste tre-fire åra. Torill Bakke seier at før var dei som strikka hovudsakleg kvinner over 50 år. I dag har alderen gått betydeleg ned og også menn har blitt biten av strikkebasillen. Sjølv har ho arrangert strikkeferie i Rauma der strikkeguruane Arne & Carlos var med.

Strikkeferie i Rauma

Strikkeinteressa har vore enorm dei siste åra. Arne og Carlos er store kjendisar i miljøet. Dei deltok på strikkeferie i Rauma nyleg.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Det finst så mange fleire hjelpemiddel enn før. Du finn filmsnuttar på You Tube med alle slags strikketeknikkar, seier Bakke.

Og kanskje må passasjerane på toget nytte seg av internett dersom dei står fast i strikkearbeidet. Mona Lorenzi kan ikkje love at konduktørane kan hjelpe dei som mister maskane.

– Dersom vi er heldige og har konduktørar som kan strikke, er det klart at dei hjelper til. Men strikkepakken er meint for dei som kan å strikke og vil bruke togturen til det, seier Lorenzi.

Torill Bakke har starta nisjeferie i Rauma.