Hopp til innhold

Etter 40 års kamp kan den frykta parasitten snart vere borte

I elvar over heile landet stod laksen i fare for å døy fordi den var smitta av parasittar. No kan kampen snart vere vunnen.

Laksefiskarar i Rauma

Elva Rauma er no fri for lakseparasitten gyrodactylus salaris. 51 vassdrag i landet har vore infisert.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Med høge støvlar står Vidar Skiri (75) i elva Rauma. Her har han fiska laks sidan han var liten gut med heimelaga bambusstong. Men ein liten parasitt har trua livet i norske vassdrag, lakseparasitten gyrodactylus salaris. Skiri har brukt 40 år på å utrydde den.

– Det kunne blitt katastrofe. Parasitten kunne ha tatt livet av all laks i Noreg. Tenk deg landet utan laks, seier Skiri.

Parasitten blei oppdaga på lakseungar i 1975 og skal først ha blitt innført via infisert laks frå Sverige. I dei smitta vassdraga har laksen vore kritisk trua eller gått tapt.

Vidar Skiri

Vidar Skiri meiner lakseparasitten kunne ha utrydda all laks i landet. 75-åringen jobbar no som kjentmann og kleppar for fisketuristar ved elva Rauma.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Nærmar seg utrydding

– Vi ser enden på ei lang historie med bekjempelse av gyrodactylus. Eg er ein lykkeleg mann, smiler Jarle Steinkjer. Han er prosjektleiar i Miljødirektoratet. 51 vassdrag i landet har hatt smitte.

No står det att å behandle åtte vassdrag i regionane Driva og Drammen.

Når behandlinga er ferdig i 2026 meiner Steinkjer at lakseparasitten skal vere utrydda i Noreg.

Jarle Steinkjer

Jarle Steinkjer i Miljødirektoratet meiner at lakseparasitten skal vere utrydda om få år.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Stor suksess

Ein ny rapport frå Norsk institutt for naturforsking (Nina) konkluderer med at arbeidet med å utrydde parasitten i infiserte elver er ein stor og unik suksess, både nasjonalt og internasjonalt.

Styresmaktene har brukt svimlande ein milliard kroner for å overvinne parasitten.

Det er plantegifta rotenon som har vore det viktigaste verkemiddelet. Men bruken har vore omstridt fordi gifta tek ikkje berre livet av parasitten, men også fiskane.

– Det er ein dramatisk effekt å ta livet av all fisken. Men hos husdyr også slaktar ein ned heile bestanden dersom ein får sjukdom, seier Steinkjer. Han forklarer at lakseungar som blir smitta lid ein langsam død.

Kritisk til rotenon

Ruben Oddekalv, Norges Miljøvernforbund

Ruben Mjelde Oddekalv i Norges Miljøvernforbund er kritisk til bruken av rotenon.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Leiar i Norges Miljøvernforbund, Ruben Mjelde Oddekalv, meiner kampen mot lakseparasitten har hatt ein ekstrem høg pris for alt livet i elvene.

– Ein drep alt liv som pustar med gjeller for å ta vare på ein art. Å kalle det ein unik suksess smakar litt bittert, seier Oddekalv.

Dei siste åra har det blitt utvikla nye metodar som ikkje tar livet av fisken og Oddekalv håper at kapittelet med rotenon er ferdig.

I sommar skal ein prøve å få bort parasitten i Driva med ei klorbehandling.

Les også Antall truede arter som påvirkes negativt av klimaendringer har doblet seg på seks år

Sebastian Hauge Andersen tok en laks på 20,5 kg i Stjørdalselva 22. aug.

– Største siger i historia

I Rauma får fisketuristane napp på stanga, men dei er fint nøydde til å sleppe laksen ut att i vassdraget. Elva er friskmeld frå parasitten, men framleis er fiskebestanden mykje mindre enn før den blei reetablert.

For Vidar Skiri som har brukt så mange år på å kjempe mot parasitten, er det ei glede å vite at om få år kan den vere borte frå alle vassdrag.

– Det er den største siger norsk naturforvaltning har hatt nokon gong. Eg kjem ikkje på andre viktigare saker enn å få stoppa parasittangrepet i elvene våre, seier Skiri.

Laksefiskarar i Rauma

I Rauma er det napp på fiskestanga, men fisken blir sett ut att i elva.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL