NRK Meny

Snart avgjerd i kontroversiell sak

Mellom klokka 11 og 13 er det venta at kyrkjemøtet i Trondheim avgjer om homofile par skal kunne gifte seg i Den norske kyrkja . Kyrkja er delt, men det ser ut til å vere fleiretal for å tillate at likekjønna par kan få gifte seg. Stridsspørsmålet no er om den nye liturgien også skal kunne brukast av heterofile par. Møre-biskop Ingeborg Midttømme meiner det er for tidleg å avgjere det spørsmålet no.