Hopp til innhold

Snart 20 fotballhallar i bruk

Dei satsar på ein kvalitetshall, fotballgruppa i Volda. Byggearbeidet er no godt i gang etter fire år med planlegging, og opninga skal vere på sjølvaste 17.mai.

Stadig fleire fotballhallar vert bygde i Møre og Romsdal.

Johann Roppen, Volda Fotball

Johann Roppen ser fram til opning av fotballhallen 17.mai i år.

Foto: Arne Flatin / NRK

Volda bygger Mørehallen, ein hall for framtida. Ansvarleg for prosjektet i fotballgruppa, Johann Roppen, seier dette er ein hall for dei neste 50 åra. Og dei satsar på kvalitet. Konstruksjonane som vert brukt er av ein annan kvalitet enn det som til dømes er brukt på hallen både i Ørsta og i Ulsteinvik. Medan Ørsta har ein isolert plasthall vert det ein isolert stålhall i Volda. Det skal og vere toalett, sikkerheitssone på tre meter og god lagringsplass inne i hallen. I tillegg skal dei som er innom hallen for å sjå på aktiviteten sleppe å fryse.

Bygginga av hallen i Volda går smertefritt, ikkje minst på grunn av godt ver både ifjor haust og i vinter med lite snø. Roppen meiner klubben ikkje har råd til å la vere å bygge denne hallen. Det å halde anlegget for øvrig snøfritt om vinteren og klar til trening har ført til ein del slitasje. Med hallen på plass unngår ein delvis dette.

Stor interesse i Ørsta

Naboen Ørsta bygde ferdig sin hall ifjor og merkar allereie no stor interesse for hallen, seier Arnstein Sandvik, som er dagleg leiar i Ørsta Fotball. Hallen opnar automatisk klokka ni om morgonen og frå klokka femten om ettermiddagen er det organisert aktivitet til seine kvelden.

Arnstein Sandvik inne i fotballhallen i Ørsta

Arnstein Sandvik er dagleg leiar i Ørsta Fotball. Her er han inne i den populære fotballhallen.

Foto: Arne Flatin / NRK

Både i Ørsta og Volda er det trong kommuneøkonomi og idrettsleiarane skulle nok ønske litt meir drahjelp derifrå. Til gjengjeld har næringslivet og privatpersonar stilt opp med solide bidrag både i Ørsta og Volda. I Kiwihallen i Ørsta har klubben gjort ære på alle desse velvillege bidragsytarane ved å lage ei enorm tavle som heng ved inngangen på innsida. Denne er forma som ei fotballbane og har namn og logo til alle sponsorar og privatpersonar som har støtta bygginga.

Arnstein Sandvik inne i fotballhallen i Ørsta

Her viser fotballeiaren i Ørsta fram 'fotballbana' som heng inne i hallen og som viser namn på alle sponsorar og privatpersonar som har bidratt til bygginga.

Foto: Arne Flatin / NRK

I følgje Johann Roppen i Volda Fotball vert Mørehallen eit pionerprosjekt når det gjeld spelemidlar. Hallen skal vere den første stålhallen som vert bygd i tråd med reglane for tildeling av spelemidlar og dermed kan klubben få full utbetaling av slike midlar.

Ikkje diskutert storhall

På spørsmål frå NRK om ikkje Volda og Ørsta burde ha samarbeidd om bygging av ein stor fotballhall i staden, så er begge klare på at det dei har behov for er næranlegg som er i sykkel eller gåavstand for mange brukarar. Ein eventuell felles storhall måtte ha vore plassert til dømes i Furene, og har aldri vore diskutert. Prislappen på ein storhall vert fort også på rundt 60 millionar kroner, vesentleg dyrare enn dei rundt 23 millionar kronene som desse to 40x60-hallane kostar til saman!

Bygginga av Mørehallen pågår for fullt.

Bygginga av Mørehallen i Volda pågår for fullt.

Foto: Arne Flatin / NRK