Hopp til innhold

Snart 100 år med russeaviser

Jostein O.Mo i Ørsta samlar på russeaviser. Den eldste er frå 1919. Nyleg fekk russen ved Ulstein vidaregåande skule si russeavis frå trykkeriet. Ikkje ei avis i stort format, men eit magasin. Russeavissamlaren likar godt det hendige formatet.

Russeaviser
Foto: Arne Flatin / NRK

Russeaviser har eksistert i snart 100 år her i landet. Jostein O.Mo samlar på aviser frå heile landet, men særleg i nærområdet. Det vil seie Ørsta, Volda, Ålesund og Ulstein.

– Dette er jo ei samling som har kome frå alle mulege plassar. Så er det gjerne slik at når ein står fram og seier at ein samlar på russeaviser då dukkar dei opp både her og der.

Jostein jaktar kvart år på dei avisene som er nær geografisk, men han har fått tilsendt mange aviser anonymt. Han har også funne aviser hengande på kontordøra si.

Han har også laga seg ei liste over dei russeavisene han har fått tak i til den omfattande samlinga. Samtidig er det vanskeleg å vite kor mange russeaviser som har kome ut her i landet. I tidlegare tider hadde også raudrussen og blårussen kvar sine aviser. Frå 70-talet har det stort sett vore felles aviser.

Jostein O.Mo

Jostein O.Mo, engasjert samlar.

Foto: Arne Flatin / NRK

I tillegg til dei tradisjonelle russeavisene har han også nokre frå grønrussen og til og med frå rosarussen (barnehage). Kristenrussen har også ofte hatt sine eigne aviser.

Jostein fortel at han stadig vekk vert kontakta av russekull som skal jubilere, etter 20, 30, 40 eller 50 år. Då manglar dei gjerne russeavisa, og den entusiastiske samlaren kan ofte hjelpe til med å lage kopiar.

Frå avis til magasin

Ulstein vidaregåande skule har hatt russeaviser, i alle fall sidan midten av 70-talet. i år er det Katrine Mæhlum Pilskog (redaktør) og Solveig Hansine Torgersen (potet) som er drivkreftene bak russeavisa. Eller rettare sagt, russemagasinet.

Ansvarlege for russemagasinet til Ulstein vgs

Ansvarlege for russemagasinet til Ulstein vgs er blant andre Solveig Hansine Torgersen (t.v) og redaktør Katrine Mæhlum Pilskog.

Foto: Arne Flatin / NRK

Trykkeriet som leverer magasinet trykker ikkje aviser på gamlemåten, så då vart det i staden eit magasin i fargar. Når jentene hentar magasina på trykkeriet denne veka er dei spent, men etter å ha bladd gjennom, er dei svært fornøgde med resultatet. 108 russeomtalar mellom anna er det plass til. Jostein O.Mo meiner at dette er det kanskje viktigaste med ei russeavis. Ein presentasjon av avgangselevane. I nokre år har det vorte slurva mykje med dette i avisene. Mange har ikkje levert inn russeomtale og dermed har det vore ufullstendig dokumentasjon på kven som faktisk var avgangselevar.

Jostein O.Mo seier at russeavisa står svakare no enn før. Mange skular lagar heller ein revy. Han trur difor at ei fornying frå avis til magasinformat er positivt.

– Det er mykje enklare å bla i eit magasin, så dette er ein meir moderne variant, sjølv om enkelte skular allereie har hatt magasinutgåver i fleire år.

Jostein O.MNo samlar på russeaviser. I ulsteinvik gir dei ut russemagasin istden for avis for første gong.

Sjå TV-saka om russeaviser