Hopp til innhold

Snakkar om Nordmøre helsehus

– Dårleg samarbeidsklima, men Nordmøre kan få eige helsehus.

Helse Møre og Romsdal

Direktør Dag Hårstad (t.h.) brukte omgrepet Nordmøre helsehus på styremøtet onsdag.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Det var konst. adm.dir. Dag Hårstad i Helse Møre og Romsdal som på styremøtet i dag for første gong brukte uttrykket Nordmøre helsehus.

Han snakkar om eit distriktsmedisinsk senter som kan bli noko meir:

– Samarbeid må til

– Vi kan kalle det Nordmøre helsehus. Dersom alle krefter går saman kan vi utvikle det til noko meir enn eit distriktsmedisinsk senter, seier Hårstad.

Men nettopp samarbeidet er den store utfordringa.

– Krevjande klima

– Det er klart det er eit krevjande klima no. Likevel føler eg at vi har ein grei dialog med nordmørskommunane..

- No er det viktig å vere konstruktive, seier Dag Hårstad i Helse Møre og Romsdal.

Strategi viktig tema

Strategien for 2016–2021 er eit viktig tema på styremøtet til Helse Møre og Romsdal i Ålesund denne onsdagen.

Strategisjef Espen Remme seier at han ikkje trur det blir store endringar i foredlinga av funksjonar mellom Sunnmøre og Nordmøre/Romsdal.

– I utgangspunktet vil det samla tilbodet ved Ålesund sjukehus bli som i dag. Det same i Nordmøre og Romsdal, seier Espen Remme.

Han vedgår at sjukehussaka har skapt eit vanskeleg samarbeidsklima. I desember vart det klart at eit nytt sjukehus skal byggast på Hjelset i Molde.

– No må vi fokusere på moglegheitene, seier Espen Remme.

Forbetringsarbeid men førebels ingen konkret funksjonsfordeling for å berge økonomien i Helse Møre og Romsdal.

Kontinuerleg forbetring er Helse Møre og Romsdal sin resept for å klare dei store oppgåvene framover. Nytt sjukehus skal byggjast og gamle må pussens opp.