Brazz Brothers på heimebane i Langevåg. Foto: Brede Røsjø
Den tradisjonsrike tekstilfabrikken Devold er gjort om til konsertlokale. Også Langevåg kyrkje er arena for swingande jazz.
Alle billettane var utselde på førehand. 700 billettar, til 11 konsertar fordelt på to dagar, er fasiten arrangørane sit att med, i tillegg til store musikalske opplevingar.
Brazz Brothers, Nils Petter Molvær, Ytre Suløen jazzensemble, Auden Prim, Dinosau og Sula Art Ensemble er berre nokre av utøvarane ein får møte i denne festivalen.
Arrangementet har fått namnet SMUK-festivalen. Om vi ikkje gjettar heilt feil, står S-en for Sula, Mu for musikk og K for kultur ?
Stor stemning også i Langevåg kyrkje under SMUK-festivalen. Foto: Brede Røsjø