Hopp til innhold

Smuglarsigarettar gir store tap

I fjor beslagla tollvesenet i Noreg nesten ti millionar smuglarsigarettar. Inntektstapet for dei som vanlegvis sel tobakk er stort, og berre for lokale bedrifter utgjer det truleg rundt 130 millionar kroner.

Sigarettbeslag

TAP: Smuglarsigarettar som blir omsett i Noreg gir store tap for staten og for utsalsstader. Dette beslaget vart gjort på Eidskog i 2014.

Foto: Tollvesenet

– Smuglarsigarettar er eit avgiftstap for staten, og det er sjølvsagt eit tap for alle dei som driv med sal av sigarettar på lovleg vis, seier kontorsjef Paul Ask på kontrollkontoret til Oslo og Akershus tolldistrik.

Stor marknad

Ifølgje halvårsrapporten til Tollvesenet har over seks millionar sigarettar blitt beslaglagt så langt i år. Til samanlikning hadde det på same tid i fjor blitt beslaglagt 4,5 millionar sigarettar, og Ask seier marknaden for smuglarsigarettane er stor.

Paul Ask

STOR MARKNAD: Paul Ask er kontorsjef ved Oslo og Akershus tolldistrikt sitt kontrollkontor, og han seier at det er ein stor marknad for smuglarsigarettar.

Foto: Kjetil Grude Flekkøy / NRK

– Den er svært stort, det ser me på gatene rundt omkring i Oslo og omland. Det er stor omsetning av smuglarsigarettar, og dei som organiserer dette tener enormt mykje pengar, seier Ask.

– Med det prisnivået og det avgiftsnivået me har på sigarettar i Noreg, så er det klart at dette er ein attraktiv marknad, seier han.

– Me ser strengt på dette

Beslaga i 2015 omfattar fire beslag der meir enn 200 000 sigarettar var skjult i vogntog. Dei største beslaga vart gjort i Stavanger med eit beslag på 687 520 sigarettar, og i Kongsvinger med eit beslag på 621 980 sigarettar.

Tollbeslag i Kongsvinger i februar

BESLAG: 40.000 sigarettar og 63 kilogram tobakk vart beslaglagt av tollstellet i februar 2015. 2014 var eit rekordår for tollarane i Hedmark i mengde beslag, og 2015 ligg an til å bli endå betre for tollarane.

Foto: Tollvesenet

– Me ser strengt på dette. Det er ei av våre prioriterte oppgåver å avdekke den type organisert smugling. Me er ikkje så interessert i om Fru Olsen tar med seg ein kartong ekstra, seier Ask.

– Det er dei som kjem med store parti og som profesjonelt prøver å lure oss me jaktar på, og me avdekker også dette i stor grad, seier han.

Store tap for bedrifter

Tollvesenet fann 30 000 sigarettar i utanlandsk vogntog

SMUGLA SIGARETTAR: Tollvesenet i Ålesund fann 30 000 sigarettar i eit utanlandsk vogntog i mai i år.

Foto: Tollvesenet

Smugling av sigarettar er det også tilfelle av i Møre og Romsdal, og ein mann frå Sunnmøre er no tiltalt etter han mellom anna skal ha innført over 200 000 sigarettar. Tidlegare i år fann tollarane i Ålesund 30 000 sigarettar i eit vogntog.

Kommunikasjonsdirektør Christian Angell tobakksselskapet Philip Morris seier at ifølge ein rapport selskapet har fått frå konsulentselskapet KPMG, så er rundt 28 prosent av sigarettforbruket i Noreg smuglarvarer, om ein ikkje tar med tal på snus og rulletobakk.

Christian Angell

TAP: Christian Angell er kommunikasjonsdirektør i tobakksselskapet Philip Morris, og han seier bedrifter i Noreg taper mykje på at det blir omsett smuglarsigarettar i Noreg.

Foto: Liv Devig

Angell seier at det er noko utsalsstader i Møre og Romsdal og i Noreg taper mykje på.

– Viss 28 prosent av varene går svart eller uoffisielt via smuglarkanalar, så er det fort eit årleg tap på 130 millionar kroner i omsetning i Møre og Romsdal. Det er eit tap på circa 300 000 kroner i snitt per utsalsstad, seier Angell.

– I heile Noreg samla, så er talet desto større. Viss ein ser berre på tap på skatteinntektene, så er det fort 1,6 milliardar kroner. Når det gjeld talet generelt for norsk næringsliv, så er det circa tre milliardar kroner, seier han.