Hopp til innhold

Smøla ser mot Trøndelag

Det var stort engasjement under folkemøtet om kommunereforma på Smøla tysdag kveld. Mange tok til orde for ei framtid som trønderar.

Folkemøte om kommunereform Smøla

Det var stort oppmøte på Smøla under diskusjonen om kommunesamanslåing.

Foto: Trond Vestre / NRK

Mette Grøndahl og Mette Kristiansen

Mette Grøndahl seier sjukehussaka har vore viktig for kvar folk vil høyre til. Her saman med Mette Kristiansen.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Det var dråpen, seier Mette Grøndahl om sjukehussaka.

Ho er ein av dei som hadde tatt turen til Smølahallen tysdag kveld, og som tok til orde for at Smøla skal bli ein del av Trøndelag.

– Tilhøyrigheita vår er meir trøndersk, næringslivet vårt er meir trønders og eg kjenner meg meir som trønder er som møring, seier ho.

Også støtte til å halde fram på eiga hand

Og ho var ikkje aleine. Viljen til å sjå nordover hadde brei støtte under folkemøtet, anten folk vil til Trøndelag med Kristiansund som partnar eller gjennom ei samanslåing med andre mindre kystkommunar på Nordmøre og i Trøndelag.

Roger Osen

Ordførar Roger Osen (Ap) seier viljen er stor også til å halde fram som ein eigen kommune i framtida.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ordførar Roger Osen frå Arbeiderpartiet meiner likevel møtet i går også viser eit sterkt ønskje om at Smøla får halde fram som ein eigen kommune.

– Av dei som har møtt opp her meiner eg det tydelegaste signalet er at Smøla skal halde fram som eigen kommune.

– Utfordringane våre er at vi skal greie å tydleggjere kva for utfordringar vi har for at vi skal kunne overleve som ein kommune i framtida, seier han.

Samle Nordmøre?

Per Kristian Øyen og Ingunn Golmen

Kristiansundsordførar Per Kristian Øyen meiner det bør vere rom for debatten om regiontilhøyringheit. Her saman med Aure-ordførar og leiar i regionrådet for Nordmøre, Ingunn Golmen.

Foto: Trond Vestre / NRK

Også næringslivsleiarane sitt innspel om å samle Nordmøre til ein kommune, for så å sjå mot Trøndelag, blei debattert. Ordførar i Kristiansund, Per Kristian Øyen meiner debatten om kommunesamanslåing og regiontilhøyrigheit må kunne gå parallellt.

– Eg høyrer mange meiner det er eit sidespor å snakke om regiontilknytting no, men eg trur vi toler begge deler. Og det dummeste vi gjer er å stoppe debattar som skaper engasjement, meiner han.

– Trøndelag freistar

Svein Roksvåg

Svein Roksvåg trur Smøla er for lite til å greie seg aleine.

Foto: Trond Vestre / NRK

Og blant tilhøyrarane var det mange som var opptatt av å sjå over fylkesgrensa.

– Det er samme folket og det samme vi lever av, fiskeri og oppdrett, seier Svein Roksvåg.

Også han er blant dei som ønskjer seg nordover mot trøndelagsfylka. Han har lite tru på at Smøla skal bli ståande aleine i framtida.

– Nei, det trur eg ikkje noko på, vi er for få.