Smittevernlegen blir nedringd

Stort telefontrøkk frå barnehagar og skular. Vil vite korleis dei skal forhalde seg til svineinfluensaen.

Maiken Talsæte

Smittevernlege Maiken Talsæte får telefonar frå mange som uroar seg over svineinfluensaen.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Berre ordet svineinfluensa får mange til å grøsse. I 2009 var det pandemi, og folk stod i lange køar for å vaksinere seg.

Fem personar ligg på isolat ved sjukehuset i Ålesund. Dei er frå Stranda, Sykkylven og Ålesund.

Ålesund sjukehus

Folk frå Stranda, Sykkylven og Stranda ligg på isolat ved Sjukehuset i Ålesund.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

Mange spørsmål

Telefonen kimar tett hos smittevernlegen i Ålesund kommune. Dei ringer frå barnehagar, skular og andre instansar.

Alle lurer på korleis dei skal forhalde seg. Maiken Talsæte seier det slik:

– Eg svarer at influensa er ufarleg for dei aller fleste. For å unnå smitte bør ein vaske hendene ved måltid og toalettbesøk.

Maiken Talsæte

– Det kan vere lurt å vaksinere seg, sjølv om vi nærmar oss slutten av januar, seier smittevernlegen.

Foto: Tore Ellingseter

– Folk lurer på om svineinfluensaen er farleg, fortel smittevernlegen i rådhuset.

Islolat svineinfluensa Ålesund

Mange har spørsmål om svineinfluensaen. Bildet er frå Sjukehuset i Ålesund.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Ja, er det farleg?

– For dei aller fleste er ikkje dette farleg. Men folk som har alvorlege sjukdommar frå før, kan få det verre. Om ein har tung pust eller svært høg feber skal ein ikkje nøle med å oppsøke lege.

Les også: Flere innlagt med svineinfluensa

Ikkje for seint med vaksinering

Influensavaksine var noko alle snakka om i 2009. Mange lurer på om vaksine er like aktuelt no.

– Ja, det er bra å ta vaksine. Spreiinga er låg, men aukande. Vi kan håpe å oppnå immunitet om fleire tar vaksine no. Det er ikkje for seint på året å ta vaksine, sjølv om vi nærmar oss slutten av januar.

En kvinne får satt en sprøyte med influensavaksine

Det er ikkje for seint å ta influensavaksine, seier ekspertane.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Hald på gode rutinar!

Smittevernlege Maiken Talsæte har si fulle hyre med å ta imot alle telefonane. Meiner ho at barnehagar og andre er i ferd med å bli overivrige og hysteriske?

– Nei, det er flott og rett at dei tar kontakt.

– Men har alle gode nok rutinar? Har det ikkje sklidd ut litt dei siste åra?

– Mitt inntrykk er at alle er flinke, og at deg går bra om dei held på dei gode rutinane dei allereie har.

Isolat svineinfluensa, Sjukehuset i Ålesund

Fem personar frå Stranda, Sykkylven og Ålesund ligg på isolat her ved Sjukehuset i Ålesund.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing
Meldinga om at fem pasientar frå Stranda, Sykkylven og Ålesund var innlagt på Ålesund sjukehus med svineinfluensa i går, har skapt mykje uro blant folk. Hos kommunelegen i Ålesund har dei fått fleire telefonar frå blant anna skular og barnehagar.