60 personar frakta til land etter smitteutbrot på Heidrun-plattforma

Ni av dei tilsette på Heidrun-plattforma i Norskehavet har testa positivt for covid-19, opplyser Equinor søndag kveld. Arbeidet med smittesporing held no fram for fullt.

Heidrun

SMITTEUTBROT: 60 av dei 167 tilsette om bord på Heidrun-plattforma er sendt heim etter fleire positive koronatilfelle. No er ni tilsette smitta.

Foto: Harald Pettersen / Equinor

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Etter at ein tilsett fekk positiv test 1. juledag, blei det sett i gang oppsporing av nærkontaktane til den smitta på Heidrun-plattforma i Norskehavet.

Ytterlegare seks tilsette om bord på plattforma fekk påvist covid-19. Søndag kveld har talet på smitta stige til ni.

– Per nå har vi nå ni positive testar. Vi held fram arbeidet med smittesporing og testing, seier kommunikasjonsmedarbeidar Natalia Krasilnikova i Equinor til NRK.

I løpet av laurdag og søndag har Equinor frakta over 60 personar til land, som må i karantene eller er smitta. Det er cirka hundre personar igjen på plattforma.

Stansar boringa

Smittesituasjonen blir følgd opp med tiltak om bord som mellom anna nedvask, opplyste Equinor laurdag. Arbeidet med smittesporing held no fram for fullt.

Equinor gjorde det klart laurdag at dei ser alvorleg på smitteutbrotet.

Dei tre som først blei registrert smitta er ikkje tilsette i Equinor, men jobbar med boring på plattforma. Det er difor innført mellombels stans av boreinnsatsen om bord.

– Men produksjonen går som planlagt, seier Krasilnikova.

Har bede FHI om hjelp

Kommunen har også bede om bistand frå FHI sitt nasjonale smittesporingsteam.

– Vi har bede FHI om bistand til smittesporing av dei positive på Heidrun. Kapasiteten vår strekker rett og slett ikkje til, seier kommuneoverlege Askill Sandvik.

Heva beredskapen til oransje nivå

I Kristiansund har helsepersonell frå kommunen og Helse Møre og Romsdal tatt imot dei tilsette som har kome med helikopter til nordmørsbyen.

– Vi var ikkje førebudd på noko slikt i jula, men vi handterer det så godt vi kan. Vi har eit pågåande smitteutbrot i byen, så vi hadde kalla ut ekstramannskap uansett, sa kommunikasjonssjef i Kristiansund kommune, Tore Lyngvær laurdag.

Dei fleste av dei tilsette som er frakta i land frå Heidrun-plattforma blir innlosjerte på hotell i byen, medan dei som har bil ved flyplassen kan køyre heim for å gjennomføre karantenen.

Kristiansund kommune auka søndag ettermiddag beredskapsnivået til nest høgste nivå, på bakgrunn av situasjonen på Heidrun-plattforma og det pågåande utbrotet ved Atlanten vidaregåande skole. Ved skulen er no 38 personar bekrefta smitta.

Tore Lyngvær, kommunikasjonssjef i Kristiansund kommune

IKKJE FØREBUDD: Kommunikasjonssjef i Kristiansund kommune, Tore Lyngvær, seier dei ikkje var førebudd på noko slikt utbrot i jula.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 08.03.2021
2 600
Smittede siste 7 dager
147
Innlagte
632
Døde
391 072
Vaksinerte