Hopp til innhold

Kristiansund kommune ber bekymra om å ikkje teste seg unødig

Testkapasiteten i Kristiansund er så pressa etter smitteutbrot at dei ber engstelege om å ikkje sette seg opp på timar unødvendig. Så langt er 15 personar smitta og 250 er i karantene.

Atlanten vgs skole i Kristiansund

Fleire elevar ved Atlanten videregående skole i Kristiansund har fått korona. Kommunen ventar at fleire kan teste positivt.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / Marius André Jenssen Stenberg

Kjell Neergaard

Kjell Neergaard (Ap) er ordførar i Kristiansund. Han

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Dei fleste smitta kjem frå Atlanten vidaregåande skole. 12 i Kristiansund har testa positivt, tillegg har tre personar i andre kommunar fått korona via same smittekjelde.

Hittil er 250 sett i karantene i Kristiansund. Kommunen ser på situasjonen som alvorleg og det kan bli endå fleire smitta.

– Utbrotet vi har no er i ungdomsmiljøet. Vi veit at ungdom har lyst å møtast i jula, men det er svært viktig å huske smittevernreglane, seier ordførar Kjell Neergaard (Ap).

– Ikkje test unødig

Askill Sandvik

Askill Sandvik er kommuneoverlege i Kristiansund. Han ber folk om å ikkje teste seg for sikkerheits skuld.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Kommunen opplever at mange er bekymra og kontaktar koronatelefonen. Testkapasiteten er no sterkt pressa og kommunen ber om at folk ikkje testar seg berre for sikkerheits skuld, utan å vere nærkontaktar eller ha symptom.

– Vi ynskjer ikkje at folk i redsel skal sette seg opp på unødvendige testar. Det svekker beredskapen, seier Sandvik.

Mange stader i landet har studentar som kjem heim til jul blitt oppmoda om å teste seg. I Kristiansund ber no kommunen dei la vere å ta test og heller halde seg i ro heime, dersom dei ikkje har symptom.

Kommunen har heva beredskapsnivået og anbefaler at alle over 12 år brukar munnbind under kollektivtransport og i offentlege rom der det ikkje er mogleg å halde ein meters avstand.

– I løpet av dei neste par dagane ser vi det totale omfanget av utbrotet, seier kommuneoverlege Askill Sandvik.

Fekk korona

Lana Elizabeth Ingrid Hansen

Lana Elizabeth Ingrid Hansen har fått korona. Ho går på musikklinja ved Atlanten videregående skole i Kristiansund.

Foto: privat

Lana Elizabeth Ingrid Hansen (17) tok koronatest på måndag og blei ringt opp dagen etter med den nedslåande beskjeden. Ho testa positivt. Ho går andreåret på musikklinja Atlanten og var budd på at det kunne skje.

– Det var ikkje overraskande, men likevel surrealistisk, seier Hansen.

No blir julefeiringa annleis enn planlagt. Farmor som skulle feire saman med familien kan ikkje kome. Forma er bra og no held ho seg på rommet sitt. Her held ho kontakt med vennane via laptopen.

– Det blir annleis, men eg er fornøgd med at eg held andre trygg, seier 17-åringen.

Kommunen ventar svar på fleire testar i løpet av kvelden.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL