NRK Meny

Smittefarleg kjøken

Mattilsynet krev utbetringar på eit kjøken på kirurgisk avdeling på sjukehuset i Molde.

Kjøkeninnreiinga er prega av slitasje, skøytar mellom benkeplater er utette, soklar er vasstrekte, frontlister på benkeplatene er skalla av, og hyller er så slitne at sponplatene er synlege.

Innan 15. mai må Helse Møre og Romsdal utbetre kjøkenet for å hindre at uønska bakteriar får vekse. Mattilsynet krev også skjerpa rutinar for bruken av avdelingskjøkenet.

Siste video/lyd

Mange geitebønder i landet vil ha den elektriske geiteklaven til Gjemnesbedrifta Nofence. Produksjonen pågår for fullt, men geiteklaven er enno ikkje godkjend. Gründerbedrifta treng beitesesongen 2017 for å gi Mattilsynet dokumentasjonen dei krev.
Dei fleste har meir enn nok med å SJÅ utfor kanten på den hundre meter høge Zakariasdammen i Tafjorden på Sunnmøre.
Men det finst folk som vil betale for å få seg ein luftig tur. Og frå neste veke av kan dei gjere akkurat dét...
Fiskesperra som skal redde den nasjonale lakseelva Driva, blir slakta av ekspertar på behandling av gyrosmitte. Miljødirektoratet er ansvarleg for prosjektet til seksti millionar kroner. Dei meiner det trengst berre små justeringar.