Prøvene er ikkje endeleg ferdig analysert før i formiddag, seier distriktssjef i Mattilsynet, Kristin Ness.
Kontrollprøver
Førre veke blei det slått fast at smittekjelda truleg var utanfor sjukehuset, men no går altså alarmen på nytt. Det kan være ein påleggsskjerar ved kjøkkenet som er kjelda og årsaka til at tre pasientar ved sjukehuset blei råka av listeriose omlag på same tid. Kontrollprøver som Mattilsynet har gjort, viser ein oppvekst av listeriabakteriar. Det endelege resultatet blir stadfesta i formiddag.
Vurderer å innkalle gravide
I dag blir det hektisk aktivitet ved Ålesund sjukehus. Fagsjef i Helse Sunnmøre, Per Roland, seier til NRK at dei vurderer tiltak ut frå at det er påleggskjeraren som er smittekjelda. Han seier dei blant anna skal vurdere om gravide som har vore innlagde ved sjukehuset skal kallast inn til kontroll.
Sjukehuset har no fjerna påleggskjararen frå kjøkkenet og i løpet av dagen startar dei full nedvask.