Hopp til innhold

H1N1-smitta student i Ålesund

Ein av dei svineinfluensasmitta nordmennene er student ved Høgskulen i Ålesund.

Høgskolen i Ålesund
Foto: NRK

Det opplyser skulen søndag formiddag.

- Studenten tek våre studier gjennom Gateway college, og er dermed ikkje tilknytta Høgskulen på andre måtar enn at han skal ta eksamen her, seier studiesjef Stig Arne Skjerven.

47 studentar frå høgskulen i Mexico

Høgskulen har 47 studentar som studerer spansk språk og latin-amerikansk kultur gjennom Gateway college i Mexico.

- Nokre er der framleis, medan enkelte har reist heim, seier Skjerven.

Folkehelseinstituttet stadfesta laurdag kveld at to nordmenn er smitta av H1N1-viruset. Søndag kom meldinga om at den eine av desse er friskmeldt .

Eit semester i Mexico

Studia blir tilbydd gjennom eit desentralisert studietilbod, og dermed har ikkje studentane nødvendigvis tilknytning til Ålesund og regionen.

- Studenten som er smitta har dette semesteret vore i Mexico, seier Skjerven.

- Det er ingen dramatikk i dette for høgskulen sin del, seier rektor Geirmund Oltedal ved Høgskolen i Ålesund i ein uttale på nettsida til skulen.

Høgskulen følger vidare med på utviklinga av sjukdomen, og gjennomfører tiltak i samarbeid med Gateway College og norske helsestyremakter for at studentane skal få fullført sine studier.