Hopp til innhold

Småstein raste frå fjellet i natt

Natt til søndag har det vore fleire steinsprang og auke rørsle i Veslemannen. Vakthavande geolog Ingrid Skrede seier at observasjonane Sivilforsvaret har gjort tyder på at det ikkje har vore store sprang. No er det varsla regn fram til 15-tida, og difor blir farenivået oppretthalde, seier seksjonssjef i NVE, Lars Harald Blikra. Rørslene har auka noko, særleg i øvre delen, der dei har vore oppe i 10-15 centimeter.

– Heile fjellpartiet ser ut å bevege seg meir samla

NVE beheld raudt farenivå for det rasutsette fjellpartiet Veslemannen. –Hastigheita går i bølger og plutseleg skjer det noko. Vi må vere forsiktige før vi setter ned farenivået i ein slik situasjon, seier geologen.