Hopp til innhold

Småbarnsmødrer trassar legeråd om å ta abortpiller – etterlyser nye rutinar

Tobarnsmora Christin Svendsen (37) meiner mange legar er for raske med å konkludere med spontanabort. No får ho støtte frå fagfolk som vil endre rutinane ved landets sjukehus.

Christin Svendsen og Sofie Svendsen Adams

Christin Svendsen fekk den etterlengta dottera si i fjor haust. På eitt tidspunkt trudde ho alt håp var ute, og i ettertid har det prega henne sterkt.

Foto: John-Andre Samuelsen / NRK

Ei lita babyjente i lilla kjole ligg på golvet og pludrar fornøgd. Sju månader gamle Sofie Svendsen Adams er full av liv og ålar seg raskt framover golvet.

Mora, Christin Svendsen, gløymer aldri legetimen på Sykehuset i Vestfold 12. desember 2019. Eit svært etterlengta svangerskap var så vidt begynt, då legen konkluderte med at det truleg ikkje var liv laga.

– Eg blei heilt sett ut, eg sat og grein og klarte ikkje å seie noko, seier Svendsen.

For legen konkluderte med at 37-åringen hadde spontanabortert i sjette veke, og anbefalte tablettar som ville setje i gang utstøytinga av fosteret.

– Eg kjende eit stort press på dette, seier kvinna.

Ifølgje sjukehuset blei dei samde om å vente behandlinga med tablettar ei veke eller to, for å sjå an situasjonen.

Det førte truleg til at det vesle livet ikkje blei avslutta same dag. Og då Christin Svendsen kom tilbake til ny ultralyd to veker etter, var resultatet eit anna.

«Fin hjerteaksjon og spontane bevegelser» står det i journalen hennar.

Stian Adams med dottera Sofie Svendsen Adams

Stian Adams seier det nesten ikkje er råd å setje ord på korleis livet hadde vore utan den vesle dottera.

Foto: John-Andre Samuelsen / NRK

Trur fleire friske foster er aborterte

NRK fortalde nyleg om Mari som feilaktig fekk beskjed om at fosteret var dødt. Statens helsetilsyn konkluderte med at legen som skreiv ut abortframkallande medikament, var for alt for rask og burde bedt ein kollega om å undersøke kvinna på nytt:

«Statens helsetilsyn vurderer at denne behandlingen ble gitt på et svært usikkert grunnlag og at avviket fra god praksis er av en slik alvorlighetsgrad at helsehjelpen var uforsvarlig».

I ettertid har NRK blitt kontakta av fleire mødrer som seier dei har opplevd det same, og som lurer på kvifor legane var så raske med å konkludere.

– For meg er det verste at eg kjende meg pressa til å ta abortpille. Det kan hende legane tek feil, det veit eg, og det burde dei sjølve også vite, seier ei kvinne i Trondheim.

Ho tok aldri dei abortframkallande tablettane, og er no mor til ei lita jente på eitt år.

– Det er vondt å tenke på at vi er fleire, også med tanke på at det då truleg er fleire friske foster som faktisk har blitt abort vekk, seier ei firebarnsmor i Bergen.

Også ho opplevde svært tidleg i svangerskapet at legen konkluderte med spontanabort – og foreslo abortframkallande tablettar etter ei ultralydundersøking. Ho strigret og nekta å høyre på legen, og har no ein gut på to år.

NRK kjenner også fleire liknande historier der foreldra seier deira kamp redda livet til barnet deira. Fleire av dei seier påkjenninga var så stor, at dei i ettertid ikkje orka å klage formelt.

Baby

Sofie Svendsen Adams har blitt sju månader, og er familiens naturlege midtpunkt.

Foto: JOHN-ANDRE SAMUELSEN / JOHN-ANDRE SAMUELSEN

Etterlyser nye rutinar

Kvinnene som ber legane ha is i magen, får støtte hos fagfolk. For sjølv om hjartet vanlegvis startar å slå allereie etter 3–4 veker, er det så lite at det er vanskeleg å sjå sikkert på ultralyd. Det gjer at legen kan ta feil tidleg i svangerskapet.

Kjell Åsmund Salvesen

Klinikksjef og overlege Kjell Åsmund Salvesen ved St. Olavs hospital i Trondheim stiller spørsmål ved om retningslinjene er gode nok når slikt skjer.

Foto: Helse Midt-Norge

Det er difor vanleg å vente situasjonen, med mindre legen kan slå fast sikkert at fosteret er dødt.

Klinikksjef og overlege ved St. Olavs hospital i Trondheim, Kjell Åsmund Salvesen, ber no om at rutinene blir endra. Han vil at to uavhengige fagfolk skal konkludere med det same, før gravide får abortframkallande tablettar.

– Då vil vi kunne unngå at nokon feilaktig stiller diagnosen abort på eit levedyktig foster, seier Salvesen.

Beklagar det som skjedde

Legane ved Sykehuset i Vestfold, som tok imot Christin Svendsen og Stian Adams i desember i fjor, vedgår at dei trekte feil konklusjon. Trass i fleire undersøkingar trudde dei det bittelite fosteret var dødt, og skreiv ut abortframkallande medikament.

Rune Sandbu

Avdelingssjef Rune Sandbu ved Sykehuset i Vestfold seier dei trekte feil konklusjon då dei trudde at fosteret var dødt og skreiv ut abortframkallande tablettar. Han karakteriserer feilen som alvorleg og beklageleg.

Foto: Trond Stenersen / NRK

I ein e-post til NRK skriv avdelingssjef Rune Sandbu at feilen både er alvorleg og beklageleg. Han skriv også at kommunikasjonen med foreldra ikkje har vore god nok.

Legen ønskjer ikkje å kommentere saka.

Glad for ei veslesyster

Heime i stova til familien i Færder, spelar sju månader gamle Sofie hovudrolla i familien som no tel fire. Storebror på 17 har fått ei veslesyster, mor og far blei likevel foreldre. I ettertid har familien klaga både til sjukehuset og til Fylkesmannen i Vestfold og Telemark. No har den vesle jenta blitt eit halvt år, og livet utan henne er sjølvsagt utenkeleg.

– Det går nesten ikkje an å setje ord på. Den kjærleiken er sterk, det hadde vore ufatteleg trist. Ein elskar borna sine over alt, eit liv utan dei er ikkje verdt noko, seier Christin Svendsen og Stian Adams.

Sofie Svendsen Adams med foreldra Christin Svendsen og Stian Adams.

Sambuarparet Christin Svendsen og Stian Adams trur dette kanskje var siste sjansen dei hadde til å bli foreldre. Etter ein dramatisk start, kom Sofie til verda i fjor haust.

Foto: John-Andre Samuelsen / NRK