NRK Meny
Normal

Aukande etterspørsel etter øl frå små bryggeri

Trollbryggeriet i Liabygda i Stranda kommune har auka produksjonen med 30 prosent det siste året.

Trollbryggeriet i Liabygda i Stranda kommune har auka produksjonen med 30 prosent det siste året.

SJÅ TV-REPORTASJEN: Det vesle bryggeriet som produserer ølet «Slogen» opplever stor suksess og høge salstal.

Jørund Ringset i Trollbryggeriet AS

Dagleg leiar Jørund Ringset i Trollbryggeriet AS seier det er kjekt at det går så mykje av ølet deira.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Slogenølet frå det vesle bryggeriet i Liabygda i Stranda får god plass i butikkane på Sunnmøre. Etterspørselen er stor både frå fastbuande og turistar.

Merkevarene frå dei små bryggeria har seld godt i sommar, og i Trollbryggeriet reknar med å nå ein rekordproduksjon på nesten 100 000 liter i 2014.

Det er lange tradisjonar med ølbrygging som gründerane bygg på.

– Vi kallar oss for habile heimebryggarar. Ein brygga i garasjen og eg heime i garasjen, seier dagleg leiar Jørund Ringset og forklarar at det er ei generell interesse for øl som er drivkrafta bak det heile.

Øltapping på Trolbryggeriet AS i Liabygda

To personar er fast tilsette ved ølbryggeriet i Liabygda. Produksjonen starta i 2009.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK