Det vil vere eit stort tilbakesteg å kutte straumtilførselen til fjellgardar i Storfjorden.
Det sier ordføraren i Stordal, Charles Tøsse.
Har søkt om å sleppe
Ørskog Energi AS har søkt Norges vassdrags- og energidirektorat om fritak for leveringsplikt til fjellgardane Skjortnes, Korsedal og Vidhammer
Her er det stevne på garden Vidhammer sommaren 2002. Foto: Storfjordnytt
Frå 1957
Kraftlina dei tre fjellgardane blei bygd i 1957 og er i så dårleg forfatning at den ikkje kan reparerast. I dag er det ikkje fast busetjing ved dei tre fjellgardane, og straumforbruket er difor svært lavt.
I kommunen sin arealplan er det innlagt 6 nye hytter i området og langs store delar av Storfjorden er det venta å kome aktivitetar som vil krevje tilførsel av elektrisk straum.
Politkarane håper
Formannskapet i Stordal er difor samrøystes når dei no rår til at straumtilførselen til fjordgardane blir oppretthalden.Men Ørskog Energi står på sitt.Dei må ut med 2 millionar kroner for ei ny line. Inntektene vil vere så godt som null, seier administrerande direktør, Svein Haugen