NRK Meny
Normal

Slutt på skips-kloakk i fjøresteinane

– Vi kan ikkje lenger dumpe kloakk rett i matfatet vårt, seier klima- og miljøvernminister Vidar Helgesen (H). No vil han endre utsleppsreglane for båttrafikken, etter Brennpunkt-dokumentaren «Shit O'hoi!».

Geiranger

No skal ikkje lenger cruiseskip som besøker norske reisemål kunne sleppe ureina kloakk ut i sjøen berre 300 meter frå land.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Både cruiseskip og andre passasjerskip skal tvingast til å gå mykje lenger ut frå kysten enn tidlegare, før dei kan tømme kloakk i sjøen. Sjøfartsdirektoratet skal utarbeide dei nye tiltaka.

– Grensa for kloakkutslepp skal flyttast lenger ut. Den skal aukast frå 300 meter frå land, til 12 nautiske mil ut frå kysten. Det gjeld for heile norskekysten, seier Helgesen til NRK.

Klima- og miljøminister Vidar Helgesen

Statsråd Vidar Helgesen (H) tar grep for å få slutt på kloakk frå cruiseskip som ureinar fjordane og norskekysten.

Foto: Tor Willy Ingebrigtsen / NRK

I praksis inneber det at skipa må ut i rom sjø, vel 22 kilometer ut frå land før dei kan opne kranene til septiktankane og sleppe ut innhaldet.

Dei fleste større cruiseskipa fylgjer internasjonale reglar, og slepp allereie kloakk og gråvatn minst 12 nautiske mil frå land, stadfestar ei undersøking frå Sjøfartsdirektoratet.

Dei største syndarane med å sleppe ut kloakk og gråvatn i dei norske fjordane har vore lokal skipstrafikk.

Kloakk i matfatet

Strekninga frå Lindesnes til svenskegrensa har alt hatt grense på 12 nautiske mil for kloakkutslepp, og om knapt eitt år skal same grensa altså gjelde for heile norskekysten.

– Det er ikkje haldbart at vi har hatt ein regel som har tillate utslepp av kloakk berre 300 meter frå land, meiner statsråden.

Flotte cruiseskip i havna på Leknes i Lofoten.

Både cruiseskip i hamna på Leknes i Lofoten og alle andre cruiseskip som besøker kysten av Noreg må innrette seg etter nytt regelverk for kloakkutslepp.

Foto: Grete Johansen

Helgesen viser til at havmiljøet blir stadig viktigare for Noreg, samtidig som cruisetrafikken aukar. Både omsynet til oppdrettsnæringa, folket som bur langs fjordar og strender, og turismen i seg sjølv, ligg til grunn for at departementet no vil ha utarbeidd eit nytt regelverk.

– Vi lever av ressursane i havet, og vi kan ikkje drive lenger å dumpe kloakk rett og slett rett i matfatet vårt, seier Helgesen.

På tide

Cruiseturisme skapte mykje debatt i sommar, både fordi skipa slepp ut svært mykje forureina røyk frå skorsteinane, og fordi det blir stilt spørsmål om kor mykje cruisetrafikk Noreg kan tole.

– Dette var på tide, og det er fornuftig. Ingen ønskjer fjordane fylt opp av kloakk og gråvatn, seier Ove Skylstad, dagleg leiar i Geiranger utvikling, ein aktør i reiselivet i ein av dei største turistmagnetane i landet.

Han er glad for at det no blir sett fokus på også lokal skipstrafikk som slepp ut kloakk i fjordane.

Ove Skylstad

Dagleg leiar Ove Skylstad i Geiranger utvikling, er mellom mange i reiselivsnæringa som helsar dei nye reglane velkomne.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Nær 350 000 cruiseturistar besøkte Geirangerfjorden sist sommar.

– Vi er glad for alle tiltak som kan gjere eit turistområde reinare, slår Ove Skylstad fast.

Krev tiltak også for luft

Så har då også Regjeringa tidlegare bestemt å setje spesielle miljøkrav for cruiseskip som skal inn i dei to fjordane på UNESCO-lista over verdsarvfjordar; Geirangerfjorden og Nærøyfjorden. Det gjeld mellom anna sterkare krav til eksosutslepp frå skipa.

– Det er vel og bra at ministeren nå forbyr kloakkdumping langs heile norskekysten, men det er kva desse skipa slepper ut til luft som verkeleg er problemet. Heile det nye regelverket bør innførast nasjonalt, snarast, seier Jan Kjetil Paulsen, seniorrådgjevar for skipsfart i Bellona.

Ros til NRK-dokumentar

NRK Brennpunkt sette i oktober fokus på denne delen av cruisetrafikken i programmet Shit O'hoi!, og det opna auga til statsråden, og fekk han til å ta initiativ til regelendring.

– Eg var rett og slett ikkje klar over den spesielle 300-meters regelen for kloakkutslepp frå skip, før eg fekk spørsmål frå Brennpunkt-redaksjonen. Såpass ære skal NRK skal ha, vedgår Helgesen.

I oktober var dette tema i NRK Brennpunkt, med tittelen Shit O'hoi!

Skyfri himmel, drinker i solnedgang og et rent, speilblankt hav. Slik presenterer cruisenæringen gjerne seg selv, men er det et sant bilde? Brennpunkt går om bord for å finne ut hva et cruiseskip etterlater seg når det seiler inn i sårbare nordområder og vakre fjorder.

NRK Brennpunkt: Shit O'hoi!