NRK Meny

Slutt på pæling ved Sjøfronten

I dag blei pæleriggen som har skapt fundamentet til den nye Sjøfronten i Molde slept ut Moldefjorden. Den har rista sentrum med kraftig dunking sidan januar og i går blei det siste av 100 metallrøyr banka ned til fast grunn i sjøbotnen. No skal det støypast betongkaier dei neste par vekene, som i løpet av neste år skal dekkast av treverk.

Slutt på pæling Sjøfronten Molde
Foto: Gunnar Sandvik / NRK