Hopp til innhold

Slutt på nattferje frå sommaren

Med Kvivsvegen på plass, vert ikkje ferjesambandet mellom Folkestad og Volda lenger ein del av hovudfartsåra frå Bergen. Difor vert det slutt på nattferje mellom Volda og Folkestad allereie til sommaren.

Folkestad Volda fergeleie ferge Austefjorden

Frå sommaren skal ikkje lenger MF «Folkestad» gå over Voldsfjorden på nattestid. Frå 1.juli går siste ferja frå Volda til Folkestad klokka 23.30.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK

Innbyggjarane på Folkestad-sida av Voldsfjorden fortvilar over at dei misser nattferja. Frå 1.juli vil siste ferja gå frå Volda klokka 23.30.

– Min umiddelbare reaksjon er at dette er heilt uakseptabelt, seier Annita Søvik, som bur på Straumshamn.

Les også:

– Minner meg om 80-talet

Folkestad Volda fergeleie

Det er ikkje lenger like mange som stiller seg opp i ferjekøa i Volda når Kvivsvegen er på plass. Difor er det ikkje naudsynt med nattferje, meiner Statens vegvesen og Møre og Romsdal fylke.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK
Oddbjørn Vatne (Sp)

Oddbjørn Vatne (Sp) peikar på at trafikken ikkje lenger vert like stor på ferjesambandet mellom Folkestad og Volda no når Kvivsvegen er på plass.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Frå 1.juli må Annita Søvik og dei andre på Folkestad-sida køyre om Austefjorden eller Kvivsvegen, for å kome seg heim frå Volda nattestid.

Delar av Austefjorden er ikkje rassikra og å køyre Kvivsvegen innom Sogn og Fjordane vil ta fleire timar ekstra.

Då er ferjeavgangen klokka 23.30 det beste alternativet for mange.

– Men det minner meg om 80-talet, då vi ungdomane var på kino i Volda. Eit typisk kjenneteikn var at vi måtte reise oss og gå frå kinosalen før filmen var ferdig for å nå siste ferja, seier Søvik.

– Då tenkjer eg at dette er det våre ungdomar også får oppleve no.

– Ikkje dei første som må klare seg utan nattferje

I dag er det Statens vegvesen som driv ferja mellom Volda og Folkestad og det er dei som har gått inn for å kutte ut nattferja.

Møre og Romsdal fylke tek over ansvaret i november og dei støttar avgjerda.

– Samanlikna med andre ferjesamband i Møre og Romsdal, så er ikkje det noko spesielt å måtte klare seg utan nattferje. Slik er det nok på fleire strekningar, seier leiar i samferdselsutvalet Oddbjørn Vatne (Sp).

– Vi må nesten gjere det slik at dei pengane til ferjedrifta vert nokonlunde fordelte etter det behovet og trafikken som vert der.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kampen for nattferja er tapt

Folk på sørsida i Volda har lenge frykta at dei vil hamne i ei bakevje når Kvivsvegen opna. I 2011 lanserte dei eiga politisk liste framfor kommunevalet, nemleg «Ferjelista».

Rolleiv Hjelle, Jacob Helset

Rolleiv Hjelle, Jacob Helset og dei andre på ferjelista er redde for å kome i ei bakevje når mange bilar ikkje lenger treng å ta ferja på grunn av Kvivsvegen.

Foto: Joachim Åsebø/Møre-Nytt

Les:

No ser kampen ut til å vere tapt, noko Annita Søvik ser mørkt på.

– Dei gjer no det frykteleg vanskeleg både for vaksne og ungdomane. Om ein for eksempel vil ha seg ein tur til Ålesund eller om ein kjem frå flyplassen på Vigra, så set det ein bråbrems for å kome seg heim når siste ferja går frå Volda klokka 23.30.