Hopp til innhold

Slutt på karrieren for Gudrun Høie?

- Blir eg utestengd frå idretten i eit år, betyr det slutten på karrieren min, seier brytaren Gudrun Høie frå Kristiansund. Ho kan bli utestengd for brot på meldeplikta til Antidoping Norge.

Gudrun Høie
Foto: Tøsse, Anders / SCANPIX

I løpet av 13 månader har Gudrun Høie (36) frå bryteklubben KAK fått fire åtvaringar fordi ho har brote reglane om heile tida å seie frå kvar ho er.

Slutt på karrieren?

No har påtalenemnda i Antidoping Norge meldt henne til påtalenemnda i Norges Idrettsforbund for brot på regelverket, og har innstilt på at ho blir utestengd frå konkurransar og organisert trening i eitt år. Meldeplikta for idrettsutøvarar er innført for at dei skal kunne dopingkontrollerast når som helst.

Gudrun Høie har vore verdsmeister fire gonger, og har som sitt klare mål å bli med i OL i Kina neste år. - Det skulle vore mitt siste år i toppidretten. Blir eg utestengd, eg det slutt på karrieren min, seier ho til NRK Møre og Romsdal.

- Tungvint system

- Eg er blitt testa fleire gonger for året, så det er ikkje det at eg aldri melder frå kvar eg er, seier Gudrun Høie. - Men av og til vil det gleppe i eit travelt liv. For ein amatøridrettsutøvar som må ordne alt åleine, er det eit veldig tungvint system, så dette kjennest urettferdig.

- Men du har skrive under på at du godtar desse reglane?

- Ja, men eg hadde ikkje noko val, og då skjønte eg vel heller ikkje kva det innebar, seier Gudrun Høie, som no er på treningsleir i Sverige saman med brytelandslaget.