Hopp til innhold

Slutt på bompengar i oktober

- Bompengeinnkrevjinga på Straumsbrua i Skodje blir avslutta seinast 15. oktober i år.

Dermed er bompengeperioden over nesten åtte år før perioden skulle vere over, melder Statens Vegvesen.

Perioden starta 4. august 2004, og har gått mykje raskare enn planlagt. Sluttdatoen kan også kome raskare.

Avhengig av neste byggesteg

I ei pressemelding måndag står det at "Statens vegvesen har revidert kostnadsoverslaget og framdriftsplanen for andre og tredje byggesteg av Straumsbruprosjektet."

Dersom desse to byggestega blir billegare enn siste overslaga seier, kan bompengeperioden bli avslutta raskare.

Andre byggesteg er utbetring av Digernesskiftet og Stettetunnelen, medan tredje byggesteg er rehabilitering av Skodjebruene.

310 millionar

Konkurransegrunnlaget for tredje byggesteg blir sendt ut i løpet av våren, og det er kostnadene der som avgjer datoen.

Straumsbruprosjektet får ein samla prosjektkostnad på 310 millionar 2010-kroner, som er same tal som overslaget frå 2002, melder Vegvesenet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL