Slutt for svartsekken

Nordmøre Interkommunale Renovasjonsselskap (NiR) legg frå denne veka ned forbod mot alt anna enn gjennomsiktige søppelsekkar på sine mottak. Her i fylket er det dermed berre Ålesundregionen som framleis ønskjer den klassiske, svarte søppelsekken velkomen. – Vi innfører gjennomsiktige sekkar slik at vi kan sjå kva som blir levert. Dette for å få ei betre oversikt over kva som hamnar i restavfallet. Det er mykje som hamnar feil, seier Linn Stokke, Miljøingeniør i NiR.