Arbeidarpartiet får til dette ved å samarbeide med Venstre, Senterpartiet, Aurelista og Omega-aksjonen.
Ordføraren er det einaste partia er samde om. Resten av kabalen håper Trygve Hauge vil kome på plass gjennom eit godt samarbeid mellom partia. Hauge har inntrykk av at innbyggarane i Aure ville ha eit maktskifte.
Trygve Hauge er den tredje Arbeidarparti-ordføraren i fylket etter valet.
Baardset har vore ordførar i Aure i atten år. Han har dei siste åra vore ein pådrivar i arbeidet for å få slått saman dei to kommunane Aure og Tustna. Etter folkerøystinga er det klart at dei to kommunane blir slått saman frå januar 2006, og dette er i hovudsak eit resultat av at Imarsund-brua skal byggast.