Slurvar med skulefrukt

Fylkesmannen krev at Sande gjev skulefrukt til ungdomsskuleelevar. - Tidlegast i haust, seier ordførar Dag Vaagen.

Alv Walgermo

Utdanningsdirektør Alv Walgermo likar dårleg at elevar i Sande ikkje får skulefrukt.

Foto: Aina Rødal / NRK

Kommunen kutta ut skulefrukta frå hausten 2008, fordi dei meiner dei er i ein vanskeleg økonomisk situasjon.

Men skulefrukt er ei lovpålagd oppgåve, og ei slik unnskyldning er ikkje godkjend, seier utdanningsdirektør i Møre og Romsdal, Alv Walgermo.

- Vi føreset at kommunen fylgjer opp desse lovpålagde oppgåvene framfor andre oppgåver, som ikkje er lovpålagd.

Les også:

Vil ikke ha melk

Skulefrukt kom brått på

Skuldar på regjeringa

Dag Vaagen

Ordførar i Sande, Dag Vaagen, nedprioriterer skulefrukt.

Foto: Sande kommune

Sande kommune meiner dei har så dårleg råd at dei ikkje har pengar til skulefrukt før tidlegast i haust, seier ordførar Dag Vaagen, som representerer Høgre.

- Dersom vi ikkje no finn nye løysingar for 2009, så er 2010 kanskje det første vi klarer, seier han.

Vaagen skuldar på regjeringa.

- Regjeringa sitt økonomiske opplegg for kommunane har resultert i kraftige realkutt i Sande kommune sine inntekter. Samstundes har vi vorte pålagd nye oppgåver. Vi har funne at det er rett å prioritere andre lovpålagde oppgåver no ei tid framover.

Ser etter løysingar

Walgermo meiner likevel at dette må kommunen klare.

- Då må dei vere i ein svært dårleg økonomisk situasjon, for dette er ikkje snakk om nokon stor sum. Det er snakk om frukt til ungdomsskuleelevar éin gong per dag.

Sindre Fjæstad Pedersen og Lina Frisnes
Foto: Aina Rødal / NRK

Ved Bud barne- og ungdomsskule har dei gode erfaringar med skulefrukt.

- Pigg og rask, ikke slapp og dvask

Ordføreren i Sande sier at skolefrukt til alle elevene i kommunen som har krav på det vil koster de omtrent 150.000 kroner i året, og han reagerer slik på at utdanningsdirektøren sier at de heller må kutte ut ting som ikke er lovpålagte oppgaver.

- Det er ikkje så veldig mange oppgåver Sande kommune utfører som ikkje er lovpålagde, men vi vil naturlegvis sjå etter løysingar og gjeninnføre ordninga så fort det som mogleg. Det kan skje frå hausten av, men til no har vi ikkje funne dekning i budsjettet for 2009.

Den økonomiske situasjonen har også tidlegare ramma skulane i kommunen.

Redd barn skal drukne