Hopp til innhold

Sløve dagar: Elevane gjer som dei vil

Softis, sløving eller fagfestival? Elevane gjer som dei vil på tampen av skuleåret.

Elevar gjer som dei vil

Førsteklassingar frå Fagerlia seier dei stort sett gjer som dei vil i dagane før sommarferien. F.v.: Elias Klakken Angelsen, Håvard Helsem Moldskred, Karoline Alvik, Henrik Tiedemann Kaarbø og Levi Rogne Jensen.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Det er to veker att til sommarferien. Ved Plutokiosken i Ålesund møter vi Fagerlia-elevar med softis og milkshake. Dei seier at skulekvardagen er ganske så roleg no.

– Vi gjer stort sett som vi vil. Det viktigaste er å møte opp, seier Elias Klakken Angelsen. Førsteklassingen likar solrike dagar, og vedgår at det er godt med nokre rolege dagar etter hardkøyret på våren:

– Vi tar friminutt når vi vil. Vi kan gjere alt i vårt eige tempo, så lenge vi møter opp.

Ferdige med pensum

Han meiner likevel at ting kunne vore betre fordelt utover året. For akkurat no er det lite som skjer.

Medeleven Karoline Alvik seier at ho brukar mykje tid berre på å sitje stille i klasserommet.

– Vi er ferdige med pensum. Mange av lærarane er ute på eksamenar og sensoroppdrag.

Lærarane er ute på oppdrag

På skulekjøkkenet på Fagerlia v.g. skole møter vi assisterande rektor Tor Andreas Dyrseth.

Tor Andreas Dyrseth

Ass. rektor Tor Andreas Dyrseth vedgår at det er rolegare for elevane når lærarane er opptatt som sensorar. Likevel har dei satsa på ein eigen fagfestival i år.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Også han vedgår at tempoet for elevane er fleire hakk rolegare enn normalt. Han seier det blir slik fordi lærarane må trå til som sensorar. Samtidig er mange av romma opptatt til eksamenar. Men skulen har snudd litt på flisa i år.

Fagfestival

– Vi arrangerer ein fagfestival, der elevane kan melde seg på der dei vil. På skulekjøkkenet handlar det om hybelmat og pasta. I andre rom er det Ibsen, kunsthistorie og programmering. Fagfestivalen har blitt godt mottatt av elevane, seier Dyrseth.

Elevar gjer som dei vil

Godt humør med annan kvardag: Musikklærar Vidar Sæther lærer elevane å lage pastarettar og hybelmat.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Ute ved solveggen møter vi fleire elevar som nyt det flotte vêret.

– Kunne like godt vore heime

– Det er kjemperoleg no dei siste vekene, seier eleven Louise Ellefsen:

– Vi har ikkje undervisning. Det skjer så lite at vi like godt kunne vore heime, seier ho.

– Burde det vore annleis?

– På mange måtar er det godt at det er roleg. Men eg trur ting kunne vore litt betre fordelt over heile året, så kunne vi unngått litt av råkøyret på våren.

Først fredag om to veker er det sommarferie for elevane på Fagerlia.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL