Hopp til innhold

Slo ut to tenner på 15-åring

Ein 21 år gammal mann frå Romsdal er i Nordmøre tingrett dømt til seks månader i fengsel for å ha slått ein gut, som da var 15 år, i ansiktet.

Inngangsparti, Nordmøre politidistrikt og Nordmøre Tingrett

Ein mann i 20-åra må i fengsel etter å ha slått ein 15-åring i ansiktet i september 2015.

Foto: Rune Petter Ness / Scanpix

Det var i september i fjor at mannen deltok på ein fest på eit samfunnshus på Nordmøre.

Mannen i starten av 20-åra hadde drukke alkohol heile kvelden og stod utanfor samfunnshuset då han møtte på 15-åringen. Sistnemnde hadde også drukke alkohol denne kvelden.

Fekk slått ut to tenner

Den dømde og 15-åringen kjende ikkje kvarandre frå før av, men 21-åringen kjente han igjen som ein kamerat av ein person han hadde hatt ein krangel med inne på samfunnshuset tidlegare denne kvelden.

Det oppstod så ein del ukvemsord mellom dei to, noko som eskalerte til knuffing. Det heile enda med at mannen gav 15-åringen eit slag i ansiktet med knytt neve.

15-åringen fekk slått ut to fortenner som følgje av slaget og kunne ikkje ete fast føde den første tida etter hendinga. Dei to tennene måtte erstattast av kunstige fortenner. Han har hatt ein del smerter og har framleis litt problem med å ete hard mat, står det i dommen.

6 månader fengsel

Aktor i saka la ned påstand om 8 månader fengsel og eit erstatningskrav på 50.000 kroner i oppreising til den fornærma.

Retten såg på hendinga som alvorleg, men meinte at det var formildande at mannen frå første stund har erkjent dei faktiske forholda i saka. Han fekk dermed full tilståingsrabatt og blei dømt til 6 månader fengsel.

Etter ei vurdering kom retten til at erstatningskravet skulle settast til null. Dette på grunn av korleis hendinga gjekk for seg, står det i dommen frå Nordmøre tingrett.

Mannen i 20-åra må også betalte sakskostnader på 3.000 kroner.