Hopp til innhold

Slo til to dørvakter på utestad

Det har vore ei hektisk natt for politiet i Møre og Romsdal: Fleire episodar med vald og slåsting den første junihelga.

Politibil

Politiet har vore nøydd til å rykke ut til fleire valdsepisodar den første helga i juni.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

I Molde slo ein mann i trettiåra til dørvakter på ein utestad. Mannen blir meldt til politiet for vald.

Sendt i arresten

Tidlegare på natta vart ein person pågripen etter slåsting på ein fest på Valderøy i Giske. Dermed enda det i arresten.

I sentrum av Vestnes vart ein person slått til. Gjerningsmannen stakk frå staden.

I Averøy vart ein mann i slutten av tenåra pågripen etter ei valdshending.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL