Slått rett i asfalten

Ein mann i 50-åra blei natt til laurdag utsett for vald i Ulsteinvik sentrum.

poilitibil

VALD: Ein mann i 50-åra fekk skadar i hovudet etter å ha blitt slått i bakken i Ulsteinvik.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Mannen blei slått over ende slik at han slo hovudet i asfalten. Gjerningsmannen, som er i slutten av tenåra, heldt fram med å sparke og slå mannen sjølv om han låg nede.

Ifølgje politiet fekk mannen eit kutt i bakhovudet, og blei send til Volda sjukehus i ambulanse. Det er ikkje sikkert kor alvorlege skadane er.

Gjerningsmannen blei pågripen, men ikkje sett i arrest. Operasjonsleiar Tor André Gram Franck fortel at saka vert etterforska vidare.