Statens helsetilsyn har no tatt frå helsesystera i ein romsdalskommune deler av autorisasjonen. Kvinna har arbeidd i kommunen i over ti år, og hatt ansvar for barn frå dei var seks veker gamle.
Men for fleire av årskulla er det ifølgje Helsetilsynet store manglar i journalane, som opplysningar om språk og motorikk, informasjon om oppfølging av premature og barn med spesielle behov. Det skal også vere usikkert om alle har fått dei vaksinene dei skulle hatt.
Tilsynet konkluderer med at praksisen til helsesystera har fått konsekvensar for eit stort tal barn og unge, fordi det har skjedd over svært lang tid og har hatt eit svært stort omfang.
– Vi har ikkje noko godt svar på korleis det kunne gå føre seg så lenge, og det er berre å beklage, seier ordføraren i den aktuelle kommunen.
Vil ikkje kontakte alle foreldre
Kommunen har i ettertid forsøkt å rydde opp. Ordføraren kan likevel ikkje garantere at det ikkje er barn som manglar vaksinar eller viktige opplysningar i journalane sine, utan at foreldra er klar over det.
– Vi har basert oss på dei opplysningane som har vore tilgjengelege, og forsøkt etter beste evne å rydde opp. Kommunen har tatt kontakt med enkeltpersonar der det har vore nødvendig, seier han.
Han seier kommunen vurderer det slik at det ikkje er nødvendig å informere alle foreldre som har vore i kontakt med helsesystera i dei aktuelle åra.
Vaksinasjonskontor slo alarm
Det var våren 2016 reisevaksinasjonskontoret i Molde oppdaga at fleire av årets russ mangla poliovaksine, som vanlegvis blir gitt i 10.-klasse.
Undersøkingane viste at ingen av tiandeklassingane som kom frå den aktuelle kommunen hadde dokumentasjon på at dei hadde fått slik vaksine.
Då kommunen begynte å undersøke saka, skal dei ha funne ut at det mangla dokumentasjon hos fleire born, og to barn skal ifølgje kommunen ikkje ha fått vaksine i det heile tatt.
Fylkeslege Karin Müller Mikaelsen seier saka mot helsesystera er alvorleg, men avviser at dei som har tilsyn med helsepersonell burde oppdaga dette tidlegare.
– I dette tilfellet var nok kontrollen god nok. Vi har eit ønske om å fremje kvalitet på helseteneste, men er avhengig av at feil og svikt blir meldt til oss, seier fylkeslege Karin Müller Mikaelsen.
Får halde fram under oppsyn
Kvinna har ikkje ville forklare seg til Statens helsetilsyn, men har overfor kommunen beklaga det som har skjedd, og sagt at arbeidsoppgåvene blei for store for henne.
Ho har no slutta, men kan i framtida søkje nye stillingar som helsesøster, så lenge det er ei underordna stilling, skjer under rettleiing og med rapportar til Statens helsetilsyn.