Hopp til innhold

Slitesiger til Langevåg

Langegvåg henta heim sigeren og slo Stryn med eit mål under kveldens cupoppgjer.

Fotball Ill.
Foto: Kari Løberg Skår / NRK

2. kvalifiseringsrunde

Andre kvalifiseringsrunde til NM i fotball for menn er igang. I kveld kjemper tre lag frå Møre og Romsdal om å kome videre i cupen.

Desse laga speler i kveld

18:30 møter Elnesvågen Træff på heimebana, Elnesvågen stadion, i Fræna. Samtidig går avspark for Averøykameratene som møter Orkal på bortebane og Langevåg spelar mot Stryn 19:15 på Stryn Stadion

Elnesvågen i tet

Etter ein halvtimes spel ligg Elnesvågen i tet med to mål frå Kristian Benjaminsen og Kjetil Brudeset i 3. og 12. minutt.

Slik står også stillinga til pause og Elnesvågen har hatt godt kontroll i første omgang.

I det 69. minutt reduserer Andreas Ranvik for Træff, men i siste minutt sikkra Kristian Benjaminsen 3 - 1 sigeren for Elnesvågen.

- Det var ein tett kamp. Elnesvågen jobba hardt og skapte gode sjansar, seier trenar Kurt Mørkøre, som er svært nøgd med kveldens innsats.

- Forsvaret står bra og vi vann duellar. Eg vil rose heile laget, seier han.

Siger til Langevåg

Også Langevåg stakk av med sigeren i kveldens oppgjer mot Stryn. Bjarne Haugsland scora første målet for bortelaget og ti minutt før kampen var over satte Mustafe Dahyr Langevåg i leiinga og brakte 2 - 1 sigeren i havn.

- Det var ein slitesiger der vi sto i mot heile kampen, seier Langevågtrenar Kim Bjørge.

- Det var ein del skot som traff treverket, så vi kunne sikkert fått inn tre og fire mål til, men vi er godt nøgde. Dette var ein utruleg viktig kamp for oss å vinne og ei målsetjing som klubben har sett seg.