Hopp til innhold

Slinningsbålet miste verdsrekorden

Det spektakulære Slinningsbålet i Ålesund har ikkje lenger rekorden for verdas høgste bål. Laurdag kveld stakk eit megabål i Austerrike av med tittelen.

Slinningsbålet tent

I 2016 blei Slinningsbålet i Ålesund kåra til verdas høgaste bål. No er rekorden slått.

Foto: Roar Halten / NRK

Laurdag målte eit bål i den austerrikske byen Lustenau, nær den sveitsiske grensa, 60.646 meter. Dette er nesten 13,3 meter høgare enn den førre rekorden til Slinningsbålet frå 2016. Det var Sunnmørsposten som først omtalte saka. (Krev innlogging)

– Det er jo litt bittert å miste rekorden. Det er jo eigentleg i Ålesund verdas høgaste bål høyrer heime, seier bålsjef Mathias Haga.

Rekordbål i Østerrike

Dette bålet i Austerrike var på heile 60 meter og tok ny rekord.

Foto: Mathias Haga

Brukar heisekran

Då Haga fekk nyss i rekordforsøket i Austerrike bestemte han og to tidlegare bålsjefar seg for å dra dit. Han ser at bålbyggjarane der brukar heilt andre metodar. Medan bygginga i Ålesund skjer på dugnad, der ungdommane stablar palle på palle oppå kvarandre, brukar bålbyggarane i Austerrike heisekran. Det skal ha tatt dei austerrikske bålbyggarane rundt tre månader å bygge bålet.

– Vi spøkte med at vi skulle ta ei kanne bensin og sette fyr på bålet, før dei bygde det ferdig, ler Haga. Sunnmøringane vart tatt godt imot og fekk lære nye byggemetodar og også vere med å tenne på bålet.

Ifølgje AP News har Vest-Austerrike ein tradisjon med bål som dei kallar «Funken» eller gnistar. Denne tradisjonen blir sagt å gå tilbake til heidenske tider når folk tente brannar for å forvise vinteren og ønske våren velkomen.

Slinningsbålet 2018

Bålbyggarane i Ålesund brukar slett ikkje kran, når dei bygg bålet. Dei klatrar og gjer alt for hand.

Foto: Remi Sagen / NRK

Vil ta tilbake rekorden

I over hundre år har det vore sankthansbål på Slinningen i Ålesund. I 2016 fekk Slinningsbålet for fullt internasjonal merksemd då dei bygde verdas høgste bål. Rekordbålet på 47,396 meter bestod av mellom 35-40.000 pallar og blei godkjent av Guinness World Records. Også i 2010 hadde bålbyggarane frå Ålesund rekorden. Då målte bålet 40,45 meter, men rekorden blei ikkje godkjent av Guinness.

Mathias Haga seier at dei har blitt god vener med bålbyggarane i Austerrike, men at dei skal få konkurranse.

– Neste år prøver vi oss kanskje på eit nytt rekordforsøk. Det må planleggast, så vi treng tida, seier Haga.

Slinningsbålet 2018

I over hundre år har Slinningsbålet blitt tent. I 2020 blir det kanskje nytt rekordforsøk i Ålesund.

Foto: Frode Berg / NRK

Bygg for hand

Bilete og videoar frå dei tradisjonsrike båla på Slinningen i Ålesund har opp gjennom åra spreidd seg over heile verda, og bålgjengen blir stadig kontakta av folk som let seg imponere av den jobben dei gjer.

– Å bruke heisekran blir uaktuelt. Det bryt med vår tradisjon. Vi skal fortsette å bygge for hand, seier Haga.

Sjå video frå bygginga av rekordbålet i 2016 her:

Slinningsbålet skal bli verdens største