Hopp til innhold

Slinningsbålet kan få vaksne vakter

 

Politiet vil ha vaksne vakter for å hindre at det skjer alvorleg ulykker i samband med det tradisjonsrike Slinningsbålet i Ålesund.

Slinningsbål velt
Foto: Einar Gaaseide

Under feiringa jonsokkvelden var det berre flaks som hindra ein tragedie då bålet velta. Ein person vart treft av ei brennande fjøl og no vil politiet ha med vaksne som kan passe på.

Lang tradisjon

I Ålesund er det lang tradisjon for at gutungar frå Hessa bygg det gigantiske jonsok-bålet. Pallar og fiskekasser har danna grunnlag for det rekordhøge bålet år etter år, men laurdagskvelden heldt det på å gå gale.

Måtte flykte

Fleire personar måtte flykte i full fart då bålet rasa saman, og ein person blei treft av ei brennande fjøl. No etterlyser politiet vaksne, som kan ta ansvaret.

Politiavdelingssjef Endre Flatvad ved Ålesund Politistasjon seier dei vil ha dialog med bålbyggjarane neste år for å få med ein vaksen som kan ta hand om tryggleiken.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL