Hopp til innhold

Neste år får endå fleire bli med på dette

I helga var det arrangert triatlon i Ålesund for aller første gang, der berre 50 personar fekk delta. Grunnen er at arrangørane ville teste konseptet før dei opna for fleire.

Ålesund Triatlon

Ålesund Triatlon vart arrangert for aller første gang i helga. Deltakarane symde 500 meter ved Volsdalsberga.

Foto: Ålesund Triatlon

Interessa for triatlon har eksplodert dei siste åra og talet på konkurransar aukar stadig. Eit av dei nyaste tilskota er konkurransen i Ålesund, som vart arrangert i helga. Det er Ålesund og Omegn Cykleklubb som står bak og dei er svært nøgd med gjennomføringa.

– Det gjekk strålande bra. Vi fekk fantastiske tilbakemeldingar, seier primus motor, Mark Pasquine.

50 deltakarar frå heile Møre og Romsdal deltok og fleire var det ikkje plass til. Arrangøren ville nemleg først teste ut blant anna tryggleiken, før dei opnar konkurransen for fleire deltakarar.

Alle som trenar klarer det

Konkurransen inneheldt 500 meter symjing i friområdet på Volsdalsberga, 20 km sykling på innfartsvegen og 2,5 km springing. Dette er ei enklare utgåve enn dei tøffaste konkurransane. Pasquine seier det finst mange konkurransar å melde seg på for dei som ynskjer bratt stigning, til dømes Trollveggen triatlon.

– Vi ynskjer å ha ei rask løype. Det gjer at det blir ein lågare terskel for å vere med. Dei fleste som trenar, kan delta, seier Pasquine. Dei raskaste deltakarane var ferdig på ein time, og ingen brukte lenger tid enn 2 timar.

Ålesund triatlon

Vinnaren av herreklassa var Andre Løseth, medan Ellen Jendal vann dameklassa.

Foto: Ålesund triatlon

Utvidar neste år

Arrangøren har allereie starta å tenkje på neste år. Då siktar dei på 200–300 deltakarar. Dei skal halde fram med den korte løypa, men planlegg også ei lang løype. Den er dobbelt så lang. Dei vil også ha ein bedriftskonkurranse.

– Det som er bra med triatlon er at alle som anten syklar, spring eller sym, kan vere interesserte, seier Pasquine.

Vinnaren av herreklassa var Andre Løseth, medan Ellen Jendal vann dameklassa.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL