NRK Meny
Normal

Klokka 11.11 gjekk NRK over til DAB

Onsdag var det ein historisk dag då NRK gjekk over frå FM-sambandet til DAB-nettet i Møre Romsdal og Trøndelag. Medan enkelte jubla, var andre skeptiske.

Møre og Romsdal gjekk over til DAB

På kjøpesenteret Moa i Ålesund fekk publikum svar på spørsmåla sine.

Foto: Victoria Røren / NRK

Det vart stille på NRK sine kanalar på dei gamle FM-radioane i dag. Grunnen til overgangen er at folk skal få eit betre radiotilbod og fleire kanalar å velge mellom. På kjøpesenteret Moa i Ålesund var Arnfinn Solheim ute i eit spesielt ærend.

– Det er bestemt at vi skal over på DAB, så eg må berre forhalde meg til det. I går fekk eg DAB i bilen, seier Solheim. Han er på Clas Ohlson og sikra seg ein radio til husbruk. Hyllene er nærast tomme.

Arnfinn Solheim

Arnfinn Solheim monterte DAB-radio i bilen sjølv i går. I dag har han handla radio til huset.

Foto: NRK

Prøver få tak i fleire radioar

Trond Huse, teamleiar på Clas Ohlson, seier at pågangen av DAB har vore stor sidan jul, men folk har venta i siste liten med å kjøpe.

– Vi jobbar på spreng for å få tak i nok radioar, seier Huse. Han opplever at nokre kundar synest omlegginga er grusom og kostbar. Det hender at også selgarane får kjeft, men då forklarer dei at dette ikkje er dei som har bestemt. Vedtaket om å digitalisere radioen vart vedteke av Stortinget for 16 år sidan.

LES OGSÅ:

Vil ha råd

Jon Branæs

Sjef i NRK P1, Jon Branæs, seier at ein ikkje kan vente at lyttarane berre høyrer på ein kanal.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Mange er kritiske og frustrerte over omlegginga. Enkelte synest det er dyrt å investere i DAB i bil og hus og seier at dei ikkje vil høyre på NRK meir.

– Det viktig å seie at dette er ikkje berre ei sløkking, men ein ny æra for norsk radio. Det er eit mykje større kanaltilbod som inneheld alt du har hatt før, men i tillegg mange andre nye kanalar, seier Jarle Ruud i Digitalradio Norge. Han forstår at folk kan vere frustrerte fordi dei gjere nokre investeringar, men han seier at det ein ser frå tidlegare teknologiske overgangar, er at ordnar det seg og folk finn ut av det.

– Dei færraste vil tilbake til slik det var før, seier Ruud.

Mister lyttarar

DAB-teamet som svarte på spørsmål frå publikum på Moa, fekk mange spørsmål.

– Det er mykje generelle spørsmål. Mange lurer på kva radio vi anbefaler, adapterløysingar til sin gamle radio, DAB i bilen og antenneplassering, seier Olav Fostås. Han er teknikar i P4.

Jon Branæs, sjef i NRK P1, seier at dagen i dag er er slutten på ein prosess. Han veit at mange er kritisk til omlegginga, og er klar på at vi må ha respekt for kvarandre sine kjensler.

Er du redd miste lyttarar?

– Det er eg ikkje redd for, for det veit eg at vi gjer. Hadde eg vore redd for å miste lyttarar hadde eg tviheldt på FM-nettet. Vi kan ikkje vente at folk skal høyre berre på ein kanal, seier Branæs.

Lokalradioane får sende på FM til 2022.

Overgang til DAB

Norgesglasset og Pål Plassen har sending frå Moa i dag.

Foto: Victoria Røren / NRK