Hopp til innhold

Slik var 17. mai-feiringa i Møre og Romsdal

Tog, korps, taler, folkeliv og underhaldning. Det var noko av det som gjekk føre seg på nasjonaldagen.

To personar i raude regnjakker står i Spjelkavika og ser på Ålesund medan dei viftar med norske flagg. Det regnar og er grått vêr.
Foto: Geir Molvær
Del bilete av di 17. mai-feiring på mr@nrk.no eller på Instagram med #nrkmogr!

Bileta som folk frå heile fylket har sendt inn viser at vêret ikkje spelte heilt på lag på nasjonaldagen. Likevel ser det ut som at folk har kosa seg med tog, korps, taler, folkeliv og underhaldning.

Del bilete av di 17. mai-feiring på mr@nrk.no.

– Vi gler oss

Korpsa har øvd lenge til denne dagen. Hatlehol skolekorps samla krefter før avmarsj ved å ete frukost på hotell i Ålesund sentrum da NRK Møre og Romsdal møtte dei.

– Vi gler oss veldig mykje, seier Aurora som spelar klarinett.

10 000 turistar

To cruiseskip sørga for at det var ekstra folksamt i Ålesund sentrum. 10 000 turistar sette sitt preg på feiringa.

– Vi skal sjå på toget, og så får vi sjå kva som skjer etter det. Dette er nydeleg, seier Colin frå Storbritannia som har kjøpt seg eit flagg for anledninga.

Kamp om restaurantborda

På ein dag som denne handlar det også om å ete godt. Mens nokon åt pølse i brød på skuleplassen, tok andre lunsjen på restaurant.

Som alltid var det vanskeleg å skaffe seg eit ledig bord.