Bjørdal og Quisling-montasje

Magnus Bjørdal blei, kalla inn til å bli éin av Vidkun Quisling sine livvakter. Det kom ikkje på tale, og den då 25 år gamle sunnmøringen laga ein utspekulert plan for å stikke av.

Foto: Sissel Brunstad/NTB Scanpix / NRK/NTB Scanpix

Slik unnslapp han Quisling

Magnus Bjørdal (95) blei innkalla til å vakte Quisling. Her er historia om flukta.

Lukka kunne knapt vere større enn det ho var seinsommaren 1944.
Alt hadde vore rein idyll hadde det ikkje vore for krigen. Hadde det ikkje vore for at 25 år gamle Magnus nettopp hadde fått ein illevarslande beskjed, og hadde det ikkje vore for at han trassa ordren frå okkupasjonsmakta.

Magnus Bjørdal og kona Amalie hadde vore gift i vel eitt år og blitt foreldre til vesle Nils. No budde dei på heimgarden til Magnus og delte hus med foreldra hans.

Amalie og Magnus Bjørdal giftar seg

Ein gledas dag midt under krigen. Amalie og Magnus gifta seg i juli 1943.

Foto: Privat

– Det var eigenleg ein herleg sommar. Ein slik usedvanleg varm og tørr sommar, seier Magnus og kona Amalie samstemt når dei deler minner frå krigssommaren. Alltid kjem samtalen tilbake til det uventa som hende.

I august kom kulden

Ordren som kasta mørke, kalde skuggar over familien midt i solvarmen, var at Magnus brått blei innkalla til teneste i Førargarden hos ministerpresident Vidkun Quisling. Det var den personlege vaktstyrken til Quisling, som var okkupantane si forlenga arm i Noreg.

Han var leiar for det einaste lovlege politiske partiet under den tyske okkupasjonen, Nasjonal Samling ( NS), og var den nordmannen som hadde den høgste politiske stillinga i Noreg.

Dei som var med i Farargarden, måtte gi truskapseid til både Adolf Hitler og Vidkun Quisling.

– Det var heilt utenkjeleg for meg. Ordren var å møte i Oslo innan ein viss dato, og bli personleg livvakt for Quisling. Det kunne eg sjølvsagt ikkje vere med på, minnes Magnus.

– Men det var livsfarleg å la vere også. Her måtte eg finne på noko, og det raskt, fortel han.

Vegarbeidar og kjent idrettsmann

Hadde alt vore normalt sommaren fire år tidlegare, skulle Magnus ha gjort militærteneste i Kongens garde. Men krigsutbrotet i april same året, sette stoppar for vakthald for Slottet og kongefamilien.

– I staden blei det anleggsarbeid. Mange nye vegar blei bygde den tida, og eg var slusk både på Dalsnibbevegen, Ørnevegen, på vegen over Bjørnefjell ved Narvik, i Øksendalen og Innfjorden, fortel Magnus.

Han var ein av 10 søsken «fram i Haugane» som garden blei kalla. Han ligg berre nokre steinkast frå det verdskjente og dramatiske Flydalsjuvet høgt over Geirangerfjorden i Møre og Romsdal.

Då krigen braut ut var han 21 år gamal, smed og alt ein kjent idrettsmann på Sunnmøre. Særleg utmerka han seg i langrennssporet.

2. påskedag 1940 vann Magnus eit viktig distriktsrenn på Tryggestad. Like etter vann han 30 kilometeren under eit stort skirenn på Sula. Bilete og omtalar av han stod i fleire lokalaviser. Han byrja bli det vi ville kalla ein «idrettskjendis».

Flydalen

Her ser vi Flydalen i Geiranger. Heimegarden til Magnus Bjørdal er innringa og heiter Haugane. Det var her Magnus var då han fekk innkallinga, og det var hit Magnus returnerte etter å ha rømt frå fjordabåten. Steinhytta han budde i mellombels ligg i fjellsida til venstre.

Foto: Privat

La dristig plan

Men skiløparen hadde lagt skiene på hylla då innkallinga til Quisling kom. Nasjonal Samling som hadde så sterk makt i det okkuperte Noreg, tok nemleg etter kvart full kontroll med alt idrettsarbeid i landet. Både friidretten og vinteridretten la ned aktiviteten sin i protest.

I samråd med Amalie, foreldra og dei eldste av søskena, la Bjørdal-familien ein dristig plan for å torpedere at Magnus hamna i Førargarden til Quisling.

– Eg skulle rett og slett stikke av. Avgjerda blei tatt, trass i at både fengsel, tortur og død kunne vere i vente for den som nekta.

– Og klart det kunne vere farleg å involvere den næraste familien i planane. Men det var naudsynt at dei visste, fortel Magnus.

Gjorde klar ei steinbu

Dekkoperasjonen var i gang.

I all løyndom gjorde han klar ei lita steinbu. Ho låg godt skjult under ein stor hellar ved Svartfjellet, like ved Flydalsetra. Frå hytta hadde han god utsikt heim att, nedover bygda og heilt til kaia i Geiranger.

– Hytta var skrale greier. Det einaste møblementet var eit lågt steinbord. Det kunne eg bruke til seng. Det var så vidt det var plass til meg i sovepose oppå steinhella. Det var ikkje snakk om nokon komfort, nei, ler Magnus ved minnet.

Han reiste med fjordabåten

Alle i Geiranger visste om utskrivinga av 25-åringen. Magnus var taktisk og fortalde sambygdingane at han måtte reise og ly ordren frå høgaste hald. Det var inga anna råd.

– Ein sein augustkveld møtte eg difor fram på kaia for å starte reisa til Oslo. Eg skulle ta båten som gjekk mellom bygdene langs fjorden og til Ålesund, og så rett til Oslo og melde meg for Førargarden innan fristen.

Mange møtte fram på kaia då Magnus skulle reise.

– Eg tok farvel med familie og sambygdingar. Somme gret, andre var sinte for at eg måtte reise, seier han.

I det tussmørkeret tetta seg til, forsvann båten utover Geirangerfjorden.

Nattemørkeret gav skjul

Vegarbeid på Dagsnibbevegen

I fleire år før og under krigen arbeidde Magnus med vegarbeid. Her blir vegen til Dalsnibba bygd.

Foto: Privat

Første stopp for var grannebygda Hellesylt. I stummande mørkare ved midnatt la båten til kai. Magnus såg sitt snitt til å snike seg på land. No var det om og gjere at ingen oppdaga han.

Skjedde det, kunne han i verste fall bli angitt til styresmaktene og arrestert.

– I mørkeret gjekk eg opp dalen frå Hellesylt, så til Bjørdal og innover Holedalen. Der ligg mange setrar, og eg ville kome meg forbi setrane før dagslyset kom. Då ville nemleg budeiene vere i gang med mjølkinga, og kunne oppdage meg.

– Men eg rakk ikkje setrane i tide, og måtte gøyme meg i småskogen. Der venta eg til dei var ferdigmjølka og på heimveg med mjølkespanna. Då torde eg meg fram og gjekk vidare, minnes Magnus.

Frå seterdalen tok han så kurs opp i høgda igjen og over to brear: først Hestebreen, så Flydalsbreen. No kom det vel med at han var veltrena og sprek!

Vidkun Quisling i samtale med Adolf Hitler i Berling i 1943.

Vidkun Quisling (t.h.) var Adolf Hitler sin fremste mann i Noreg under andre verdskrig. Deira fellesskap ville Magnus Bjørdal aldri vere ein del av.

Foto: NTB, Scanpix

– Slik kom eg meg usett ned på setra vår. Nokre minutt seinare var eg nede i steinhytta mi. Eg var tilbake til start!

Livet i steinhytta

Vel framme i den bortgøymde steinhytta, gjorde han det beste ut av situasjonen.

– Det var stussleg og trist, men slik måtte det berre vere. Av og til sneik eg meg heim til garden om natta og henta meir mat, vaska og stelt meg. Eg fekk snakke med kona, sett sonen vår som då var tre- fire månader gamal og helst på foreldra mine. Men då morgonen kom, var eg alltid tilbake i steinhytta.

Det tok om lag 30 minutt og springe stien mellom hytta og tunet heime. Han heldt seg langs elva og oppetter lia for der gav skogen god dekning.

Husa våre blei utsett for razziaar fleire gonger. Dei saumfór dei huset frå rom til rom, var på mørkeloftet og på soverommet vårt.

Amalie Bjørdal

Med lensmannen på lag

No hadde tyskarane oppdaga at han ikkje var komen fram til Oslo. Det blei leitt etter Magnus over alt.

– Husa våre blei utsett for razziaar fleire gonger. Dei saumfór dei huset frå rom til rom, var på mørkeloftet og på soverommet vårt, seier Amalie, og legg ikkje skjul på at ho og resten av familien var redde.

– Vi visste naturlegvis ikkje noko og heldt tett. Vi hadde ikkje sett han sidan han gjekk om bord på fjordabåten med Oslo som mål, seier ho.

Ekteparet prisar seg lukkeleg over at Geiranger hadde ein lensmann som spelte på lag med Bjørdal-familien.

– Han var ikkje tru mot dei tyske styresmaktene, men gav oss mange hint om kva som var på ferde. Med stor motvilje måtte han leie søka etter Magnus.

Magnus og Amalie Bjørdal

Magnus og Amalie Bjørdal framfor det då nybygde huset sitt på Stranda på 50-talet.

Foto: Privat

Flukta gjennom natta

Magnus blei verande i steinhytta i nokre veker. Men ein sein kveld kom to tyskarar gåande mot husa i heimgarden. Dei følgde same råsa som han sjølv brukte når han skulle snike seg heim att. Visste dei noko?

No blei det for risikabelt og halde seg i skjul i steinbua. Del to av fluktplanen måtte settast ut i livet.

Anders, eine broren til Magnus, og to pålitelege kameratar, fekk tak i ein færing.

August månad var framleis fløyelsmjuk og varm. Ein sein haustkveld var karane klare.

– Eg tok meg varsamt ned gjennom bygda til båten som venta. Ved midnatt rodde vi så stille vi klarte ut Geirangerfjorden mot Nedste Ljøen. Vi hadde tre par åra til saman, og det gjekk fin, fint utover fjorden.

Etter om lag to timar var dei framme hos Rasmus Ljøen. Der la Magnus seg til å sove i ei høysåte i løa, før han neste dag gav seg til kjenne.

– Å, du er av det slaget, du. Ja, dei har eg hatt mange av innom her, svarte Rasmus og gjorde sitt beste for å hjelpe rømlingen.

Så gjekk ferda vidare til fots over Ljøbrekka og ned Strandadalen.

– Etter ei ny overnatting hos pålitelege folk, fekk eg låne sykkel og tok vegen over Strandafjellet, ned Velledalen og kom meg utsett til Straumgjerde der eg kvilde på nytt. Siste delen av fluktruta gjekk langs Sykkylvsfjorden og til Kurset i Hundeidvik.

Nedre Kurset

Nedre Kurset i Hundeidvik der Magnus heldt seg i skjul i ni månader for å sleppe unna teneste i den personlege vaktstyrken til Vidkun Quisling.

Foto: Privat

Magnus blei Oskar

På Kurset tok han inn hos tanta og onkelen sin, Anna og Lars. Dei tok vel imot rømlingen. Ingen visste kor lenge han måtte bli i garden.

–Men vi forstod snart at eg måtte skifte namn. Så frå no av var eg nye-drengen i garden og heitte Oskar!

Etter kvart blei det likevel vanskeleg med alle spørsmåla frå naboane om kven framandkaren var. Grannane var pålitelege og kjekke folk og difor letta Kurset-familien på sløret og fortalde kvifor «Oskar» var komen i garden.

– Dei var 100 prosent å lite på og forstod straks at dei måtte halde tett, fortel Magnus.

Sjølv heldt han seg mest i vedskogen eller dreiv fiske ute på fjorden, i tilfelle noko skulle skje med han.

Amalie Bjørdal

Amalie vaks opp i Misund. Den spreke romsdalsjenta på 91 år, seier ho har hatt eit godt liv i lag med Magnus.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Razzia også i Misund

Tyskarane gav seg ikkje i søket etter Magnus. Kort tid etter rømminga i robåten, tok Amalie ein pause frå alt presset i Flydalen. Ho tok med seg vesle Nils og reiste heim til Misund.

– Eg var så vidt komen inn døra, så var dei der og gjennomsøkte huset, og spurte etter Magnus. Eg måtte igjen svare at eg ikkje visste noko anna enn at han var reist til Oslo. Det var slettes ikkje noko kjekk oppleving.

Etter ein månads tid på heimebane, drog ho tilbake til Flydalen. Ho ønskte så inderleg å vite korleis det gjekk med mannen sin som ho trefte då ho var 17 år og kom som tenestejente til Geiranger.

– Vi ungdommar brukte å møte opp på kaia for og sjå på dei nye tenestejentene som kom til bygda kvar sommar. Eg falt for Amalie alt då ho hoppa frå landgangen på fjordabåten og ned på kaia for aller første gong.

– Ho var liksom så spretta og fin, skyt ektefellen på 95 i det han sender eit strålande smil til kona si, gjennom 70 år, Amalie som no er 91.

Gift i 70 år

Amalie og Magnus har vore saman i nesten 75 år, og er like glad i kvarandre den dag i dag.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Tyskarane kom til gards

Det mest dramatiske som skjedde dei ni månadane Magnus heldt seg i skjul på Kurset, var at brått ein dag trampa det i gangen og der stod to tyskarar i full uniform på golvet!.

– Det støkk i meg. No trudde eg det heile var gjort, seier Magnus.

Men nei, dei to oppdaga ikkje at det var ein rømling som ville unngå Førargarden dei stod saman med. Ærendet var å sjekke kor mykje potet det var på gardane rundt om i bygda!

– Eg var ikkje høg i hatten, men måtte late som ingenting, og ta dei med ned i kjellaren og måle ut potetbingen. Så gjekk dei sin veg, ler Magnus 70 år etterpå.

Dei slutta aldri å leite etter Magnus

Tyskarane slutta aldri å leite etter Magnus, og no byrja rykta å gå om at dei ville ta broren Anders i staden. Det var rykte om både arrestasjon og at han skulle sendast til Førargarden.

– Hadde det ikkje vore for at krigen slutta i mai 1945, kunne det gått ille med broren, meiner ekteparet.

Det kom så langt at han la planar for korleis han også skulle stikke av og halde seg i skjul. Men krigen gjekk mot slutten, og trugselen mot Anders blei aldri sett ut i livet.

I gledesdagane i mai 1945 kunne Magnus igjen reise heim til Flydalen, der Amalie og vesle Nils venta.

– Men Nils som var halvanna år no og ikkje hadde sett faren på så lenge, kunne å prate. Han insisterte på at denne framande mannen ikkje skulle få sove på soverommet vårt, minnes Amalie.

Lukka var igjen komen til gards!

Magnus Bjørdal og Amazonen hans

Gleda er også ein trufast Volvo Amazon frå 1960 -talet! 95 år gamle Magnus har nettopp fornya førarkortet, og tek gjerne ein køyretur på Stranda.

Foto: Nils BJørdal
Magnus Bjørdal er 95 år, men er framleis svært stø på handa. Nesten kvar dag er han ved høvlebenken for å skape vakre gjenstandar. Han har drive med treskjering i snart 80 år.

Magnus Bjørdal er 95 år, men er framleis svært stø på handa. Nesten kvar dag er han ved høvlebenken for å skape vakre gjenstandar. Han har drive med treskjering i snart 80 år.