Hopp til innhold

Slik unngår du at foreldre klikkar når du kjem heim i ferien

Mange besøker barndomsheimen eller familiehytta i sommar. Del dine beste råd for å unngå krangling om husarbeid nedst i saka.

Julia Vik Remøy

Julia Vik Remøy vaskar alltid opp etter seg når ho har laga mat. Den vanen har ho lært seg etter å ha budd i kollektiv med fleire andre.

Foto: privat

Julia Vik Remøy (20) er ein av tusenvis av studentar som drar heim til mamma og pappa i ferien.

Ålesundsjenta innrømmer glatt at jenterommet hennar ser bomba ut og at ho dumpar klede i skittentøyskorga, som mora må vaske.

– Det hender at mamma blir sur når ho kjem heim frå jobb og eg får litt kjeft, ler Remøy, som er på treningsstudio og sveittar ut t-skjorte og shorts.

Til vanleg er ho student i Trondheim, og ho meiner sjølv tida i kollektiv med fire andre jenter har gjort henne flinkare til å bidra heime.

– Eg vaskar alltid opp etter meg når eg lagar mat på kjøkkenet. Eg let det aldri stå, seier Remøy.

Har du tips til å unngå krangel når alle er samla i ferien? Del med oss nedst i saka 👇

Julia Vik Remøy

Julie Vik Remøy trenar i ferien og innrømmer at mora ofte er den som vaskar kleda.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Bør lempe på krava

Hennar råd til unge vaksne er å ta med seg dei gode vanane frå kollektivet heim til foreldra. Ho meiner også at foreldre bør stresse litt mindre på sommaren og akseptere at barna deira har hatt det hektisk i eksamenstida og har behov for å slappe av.

– Litt klede må ein kunne akseptere. Ein bør kunne lempe litt på krava, seier Remøy.

Bidreg du med husarbeid når du kjem heim?

Hjelper når han blir spurt

Student Ola Solli-Sæther seier at han gjerne bidreg heime, dersom han får spørsmål om det. Sjølv irriterer han seg over rot på studenthybelen, så han meiner unge vaksne bør hjelpe til heime såpass at ein unngår konflikt.

– No veit eg at dei berre blir glad for at eg kjem heim, så no får eg litt ekstra når eg kjem, seier nordmøringen.

Ola Solli-Sæther

Ola Solli-Sæther meiner han sjeldan får skjenne­preike frå foreldra på grunn av rot.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Går inn i gamle mønster

Elin Gulbrandsen er ei av mødrene som gler seg til å ha sin student heime i sommar.

– Det blir aller mest hyggeleg og så må vi finne ut av korleis vi løyser praktiske oppgåver i heimen, både i forhold til mat og bil, seier Gulbrandsen.

Ho trur utfordringa kan vere at vaksne barn går inn i same mønster som før dei flytta ut, der det var foreldre som laga maten og vaska kleda. Likevel ser ho ikkje på det som eit problem.

– Det er for ein kortare periode og dette er barna våre som har vore gjennom ein krevjande eksamensperiode. Dei bur i kollektiv med fire-fem andre, så vi må vere litt rause og fleksible, seier Gulbrandsen.

Elin Gulbrandsen

Elin Gulbrandsen gler seg ein sommar der yngstedottera er heime på ferie.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Råd til foreldre om det har gått ei kule varmt

Men kva om begeret til foreldra har rent over av skittentøy, oppvask eller den halvfulle kofferten som framleis ligg open midt på stovegolvet etter meir enn ei veke?

– Konfliktar oppstår, og dei aller fleste av oss opplever at det går ei kule varmt innimellom, forsikrar psykologispesialist og familieterapeut Steinar Sunde.

– Hjernen vår er laga for å registrere fare, og viss ungdommen rotar heime kan vi nesten reagere som om vi er i livsfare.

– Vi kan tvile på jobben vi har gjort som foreldre, for at dei oppfører seg slik overalt og for at dei ikkje kjem til å klare seg på eiga hand. Då kan vi fort skyte frå hofta og seie ting vi ikkje meiner, seier Sunde.

Og har krangelen først funne stad, ber han oss hugse at vi er likare enn vi trur.

– Ikkje vent til du allereie er sur

– Eg trur også mange tenker på ungane sine som heilt andre vesen enn seg sjølve, som ein kan prate til på ein heilt anna måte enn vi pratar til andre, seier psykologen.

Han trur mange tek opp problem med familiemedlemmar på ein måte dei kanskje ikkje ville tatt dei opp med for eksempel ein kollega eller partnar.

– Spør deg sjølv: Korleis ville eg likt å få ein beskjed, og kva er det som motiverer meg til å gjere endringar? Ikkje vent med å vere ærleg til du allereie er sur og irritert.