NRK Meny
Normal

– Start medisineringa no

Rådet frå legen er klart: – Er du plaga av pollenallergi bør du starte medisinering med ein gong. Den lange, kalde vinteren fører til ein svært kraftig start på pollensesongen.

Anders Moen

Pollensesongen startar seint i år, men blir truleg mykje meir eksplosiv enn tidlegare år. Derfor er det lurt at du allereie no startar med medisinering, meiner overlege.

Foto: Helse Møre og Romsdal

I fjor starta pollensesongen allereie i januar, medan ein i år måtte vente til slutten av mars før sesongen starta. Men sjølv om sesongen kjem seinare i år enn tidlegare, vil den også bli enno meir eksplosiv, mykje på grunn av eit høgtrykk som no er på veg innover landet. Start medisineringa med ein gong, er rådet til seksjonsoverlege Anders Moen, ved barne- og ungdomsavdelinga på Ålesund sjukehus.

– Dei som har eit problem bør helst starte medisineringa før pollenspreiinga er i gang, seier han.

Moen seier det ikkje er forskjell på korleis barn og vaksne reagerer på pollen. Ifølgje Norges Astma- og Allergiforbund har over éin million nordmenn meir eller mindre alvorleg pollenallergi.

– Det er nok mange som ikkje har allergi som tenker; «Går det an å bli sjuk av pollenallergi?», men det gjer det. For nokre går det utover skulegang og arbeid, seier Moen.

Laster Twitter-innhold

Sjekk pollenvarslinga

Det finst heldigvis gode råd for å gjere pollensesongen lettare. Først og fremst er det viktig å følgje med på pollenvarslinga. Her kan du få god informasjon om korleis spreiinga av dei ulike pollentypane blir dei komande dagane.

Pollen

Pollenvarslinga gir informasjon om kor stor spreiinga det er av dei ulike pollentypane.

Foto: Skjermdump

– Ikkje heng dyna til lufting

Par sammen

Unngå å lufte soverommet i pollensesongen. Det kan også vere lurt å ta ein kort dusj eller skylje håret før du legg deg.

Foto: Sara Johannessen, Sara Johannessen / SCANPIX

Moen seier det er fleire ting ein kan gjere for å beskytte seg når ein er ute. Mellom anna kan det vere lurt dekke til nase og munn, med solbriller eller maske, dersom ein er i område med mykje spreiing. Det er også lurt å vaske henda før du gnir deg i auga.

– Ha igjen vindauget på bilen når du er ute og køyrer. Unngå å lufte soverommet eller ha husvindauga ope på dagar då det er mykje pollen.

I tillegg bør du unngå å lufte sengekleda eller tørke kle utandørs i pollensesongen.

– Ta ein kort dusj eller skyl håret før leggetid slik at du slepp å ligge med pollen i ansiktet heile natta.

Sprøyte er eit alternativ

Det er også mogleg å gå til lege for å få kortisonsprøyte, noko som gir effekt i tre-fire veker. Men regelmessig bruk av kortison er ikkje noko legar anbefaler til vaksne. Til barn og ungdom er det ikkje anbefalt i det heile. Eit alternativ kan vere å ta ei allergivaksine. Dette er i hovudsak tre års tablettbehandling mot grasallergi eller tre års sprøytebehandling mot bjørkepollenallergi.

Utepils

Alkohol kan også ver med på å auke plagene ved allergi.

Foto: Knut Fjeldstad / Scanpix

Det kan også vere lurt å dempe alkoholforbruket når allergien står på som verst. Ei undersøking frå 2017 viser at tre av fire nordmenn ikkje veit at alkohol kan framkalle allergi. Øl, vin og sprit inneheld histamin, som blir produsert under gjæringsprosessen. Histamin er også kjent som eit kjemisk stoff som blir løyst ut i kroppen når du får ein allergisk reaksjon.

– Alkohol påverkar symptoma med mange sjukdomar så plagene kan auke, seier Moen.