Slik taklar du eksamensnervane

VOLDA (NRK): Våren er eksamenstid for tusenvis av studentar. Mia Márjá Somby er ei av mange som gruar seg veldig.

Mia Márjá Somby

BEKYMRA: Mia Márjá Somby skal ha eksamen i mai.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

– Eg har dysleksi, så skriftleg eksamen er ekstremt skummelt, seier Mia Márjá Somby. Ho går første året av bachelorgraden i design, kunst og handverk ved Høgskulen i Volda. Det er eit praktisk fag, men der er også teorieksamenar alle studentane må igjennom.

Og no nærmar det seg eksamen med stormskritt.

Eksamensangst

Dei fleste studentar kjenner ei viss spenning rundt eksamenstider. Og noko av dette er sunt stress som må til for å prestere optimalt. Men sunne eksamensnervar kan også utvikle seg til alvorleg eksamensangst og depresjonar. Det veit studentrådgjevaren ved Studentsamskipnaden i Volda, Eli Anne Løksa mykje om.

– Det er mange som kjem til meg fordi dei er redde for å stryke. Ofte har dei katastrofetankar, og tenker at dei ikkje kjem til å få seg utdanning eller arbeid om dei stryk, seier ho.

Eli Anne Løksa, studentrådgjevar ved Studentsamskipnaden i Volda

GIR RÅD: Eli Anne Løksa hjelper studentar med eksamensangst.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Dei fleste med eksamensangst kjem til rådgjevaren når eksamen nærmar seg. Men for nokre er det så ille at dei kjem alt i starten av skuleåret fordi dei gruar seg til eksamen som er om nesten eit år. Dei kan ha søvnvanskar, miste matlysta og ha mange negative tankar fordi dei er så stressa. Og det er ikkje nødvendigvis dei som har lest minst som er mest bekymra.

– Det er alle typar studentar som kjem hit. Nokre må eg sende vidare til psykolog, andre kan eg klare å hjelpe dersom dei kjem tidleg nok. Det er ofte vanskelegare å hjelpe dei om dei kjem to dagar før eksamen, forklarar Løksa.

Ho er likevel klar på at det aldri er for seint å kome til rådgjevaren om studentane har utfordringar dei treng å snakke om.

Gode råd mot eksamensnervar

Eksamensnervar eller eksamensangst er så vanleg, at det er laga kurs om dette ved fleire av landets utdanningsinstitusjonar. Men når eksamen er rett rundt hjørnet, er det nok litt seint å gå på kurs. Då kan desse råda frå Løksa vere gode å ta med seg.

  • Prat med nokon, gjerne ein rådgjevar, som kan hjelpe deg å sortere tankane. Still deg spørsmålet: Kva er det verste som kan skje? Er det verkeleg ei katastrofe å stryke, eller går det fint å ta opp att eksamen seinare? Det er truleg ikkje verdas undergang om du skulle stryke.
  • Prioriter sunn mat og søvn!
  • Finn metodar å takle stresset på. Lær deg enkle avspenningsteknikkar og pust med magen.
  • Ver godt forberedt. Les litt kvar dag, så får du meir kontroll, og blir mindre stressa.
  • Ta pausar. Gjer noko kjekt. Kos deg med venner og ver fysisk aktiv. Ikkje sit inne på lesesalen døgnet rundt.
  • Blir du stressa av å sjå at alle andre les mykje, så kan du med fordel halde deg unna lesesalen. Les heime, eller ute i sola.
    Studentar på lesesal

    LITT KVAR DAG: – Les litt kvar dag, så er du godt budd til eksamen. Når det nærmar seg eksamen er det viktig å også gjere andre ting enn å lese, er rådet til Eli Anne Løksa til studentar med eksamensangst.

    Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Ringer Mamma

Mia Márjá Somby er bekymra for eksamenen ho skal ha i slutten av mai. Ho er redd for at ho har lest for lite, og dysleksien gjer at skriftleg eksamen blir ekstra utfordrande.

– Det er veldig gøy å jobbe med det praktiske i faget, men eg er ikkje så sterk på det skriftlege. Eg forstår likevel at vi ha skriftleg eksamen. Blir eg for redd når det nærmar seg, så brukar det å hjelpe å ringe Mamma. Ho klarer alltid å roe meg ned.

Mia Márjá Somby

PRAKTISK: Mia Márjá Somby trivest godt i sløydsalen, men skriftleg eksamen synest ho er ekstremt skummelt.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK